Onsdag er det klart for Nyttårskonferansen 2021

Samarbeid for å styrke næringslivet, berekraft og erfaringar frå pandemien står på programmet. 

Skriv ut

–Vi skal sjå på tre viktige problemstillingar denne dagen. Samarbeid mellom privat og offentleg sektor, berekraftfylket Møre og Romsdal og kva for lærdom offentleg sektor tar med seg frå pandemien, seier fylkesordførar Tove- Lise Torve.  

Første delen av konferansen handlar om korleis offentleg og privat sektor kan samarbeide for å styrke næringslivet i Møre og Romsdal. –I andre del får vi vite kva som har skjedd i satsinga Berekraftfylket Møre og Romsdal og kva som blir vegen vidare, fortel Torve.  

Kva kan vi lære av pandemien? 

Pandemien gjorde 2020 til det mest krevjande året nokon sinne, også for offentleg sektor. Men kva har vi lært? – Vi får presentert funn frå ei undersøking som  Møreforsking har gjort på oppdrag frå oss, og ein nasjonal rapport frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring. Vi får også høyre kva erfaringar kommunar og statsetatar i Møre og Romsdal har hatt.  

Ein viktig møteplass for å styrke samarbeidet i offentleg sektor 

–Eg ser fram til å kunne ønske velkommen til konferansen. Det er satt saman eit spennande program, og eg veit at denne møteplassen har stor nytteverdi for alle som er opptatt av å utvikle Møre og Romsdal til det beste for oss som bor her, fortel Torve. Programmet finn du på nettsidene til fylkeskommunen.  

Nyttårskonferansen er ein viktig møteplass for politikarar og leiarar i offentleg sektor, som i år møtest på ei digital plattform. –Det lagt opp til at deltakarane kan stille spørsmål og delta i diskusjonar, slik som vi gjer på ein fysisk konferanse. Vi håpar på eit godt oppmøte, og gode diskusjonar også i år, avsluttar fylkesordføraren.   

Konferansen blir arrangert av Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom prosjektet Møre og Romsdal 2025, i samarbeid med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, KS og NAV.  Alle som er interessert kan følgje streaminga. Lenka til streaminga blir lagt ut på mrfylke.no onsdag morgon. 

Snarvegar

Kontakt