Ole Reinlund blir rektor på nye Fagerlia-Ålesund videregående skole

Ole Reinlund (54) har takka ja til stillinga som rektor ved nye Fagerlia-Ålesund videregående skole. Han har lang og brei erfaring som lærar og skoleleiar, og har dei siste to åra vore konstituert i stilling som rektor ved Ålesund videregående skole.

Skriv ut

- Eg er stolt og takknemleg for tilliten som er vist meg, og audmjuk over ansvaret. Eg ser fram til å fortsette arbeidet med å fusjonere dei to skolane, og no i ei avklart rolle, seier Reinlund.

Reinlund er utdanna lærar med fagkombinasjonen nordisk litteratur og språk, historie og kultur- og mediefag. I tillegg har han skoleleiarutdanning.

- Vi er glad for å ha fått på plass ein erfaren og dyktig rektor i denne viktige stillinga. Den nye samanslåtte skolen blir den største vidaregåande skolen i Møre og Romsdal, og vil ha eit breitt fagtilbod, med elevar og tilsette på fleire lokalitetar i Ålesund, seier kompetansesjef Kariann Flovikholm.

Ho fortel at prosessen med samanslåinga starta i fjor, og det er mange som har vore involverte i forarbeidet. - Det er no vi verkeleg skal starte bygging av den nye organisasjonen, og det blir spennande å vere med på den vidare utviklinga av Fagerlia – Ålesund videregående skole, seier Flovikholm.

Ole Reinlund vil fram til 01.08.21 fungere som prosjektrektor for den nye samanslåtte skolen før han frå nytt skoleår blir den pedagogiske og administrative leiaren av Fagerlia-Ålesund videregående skole.

Kontakt