Ønsker oversikt over konsekvensane for næringslivet

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker ei systematisk oversikt over konsekvensane av koronapandemien for det eksportretta næringslivet i fylket.  Dette kunnskapsgrunnlaget skal brukast til å vurdere kva tiltak som verkar best for verksemdene i fylket, og det vil utgjere deler av kunnskapsgrunnlaget som fylkeskommunen skal bruke i dialogen med sentrale myndigheiter.

Skriv ut

Møreforsking Molde har fått i oppdrag å lage undersøkinga for fylkeskommunen, og den vert no sendt ut gjennom bransjeorganisasjonar og andre sentrale organisasjonar i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av at flest mogleg av verksemdene svarar på undersøkinga. Saman med andre undersøkingar gjort i enkelte segment av næringslivet, vil desse resultata danne eit godt grunnlag for å vurdere kva tiltak som skal settast inn på kort og lang sikt.

Snarvegar

Kontakt