Nytt båtfunn frå vikingtida på Edøy

Georadardata frå Edøy og Kuli har avslørt endå ein båt, i tillegg til minst to husrestar og fem overpløgde gravhaugar.

Skriv ut

Rapportlansering. No har arkeologane frå Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU), på vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune, tolka alle data frå undersøkinga. 
Og det viste seg at Edøy skjuler meir enn eit mogleg vikingskip. No har dei funne restane av endå ei båtgrav. 
I arbeidet med å tolke data oppdaga prosjektleiar Manuel Gabler ein 7,1 meter lang og 1 meter brei såkalla anomali. 
 
- Vi tolkar den som ei båtgrav under ei rund steinrøys, seier han.
 
Ifølge Gabler som er arkeolog og forskar, er dette sannsynlegvis ein over 1000 år gamal færing eller ein åttring som kan ha vore meint for fire par årer.
 
- Denne liknar truleg litt på ei båtgrav frå 900-tallet som Møre og Romsdal fylkeskommune fann i Surnadal 1994, med ei rekke fine våpen, seier fylkeskonservator i Møre og Romsdal, Bjørn Ringstad.
 
Båten er under 12 meter og kvalifiserer då ikkje til nemninga som skip, men arkeologane er likevel oppglødd av funnet.

Gløymde gravhaugar

Rett nord for båtgrava ser arkeologane endå ein rund anomali som vi tolkar som ein gravhaug. Denne gonga utan ein båtstruktur.

- Direkte nord for båtgrava visast ein fragmentert, halvrund ca. 20 cm brei, reflekterande anomali med ein diameter på 7,2 meter. Den tolkar vi som ei fragmentert grøft av ein mogleg overpløgd gravhaug, seier Gabler.

Og 50 meter lenger nord har georadardata avdekt ytterlegare to overpløgde gravhaugrestar. Ein som måler 11 meter, i tillegg til ein større haug på heile 19 meter i diameter. 

Saman med skipsgrava vi allereie kjenner til, gjer dette at georadaren har oppdaga heile fem ukjente overpløgde gravhaugar.

Husrestar ved Edøyskipet

Men data frå georadaren har også avslørt hus.
- Like nord-vest for der vi avdekte skipsgrava dukkar det opp to anomaliar som vi tolkar som husrestar, seier Gabler.
 
Ifølge fylkeskonservator Ringstad treng det ikkje gravene og husa å vere frå same tidsepoke. 
 
Han meiner at husa det er funne spor etter godt kan vere frå eldre jarnalder (300-600 e.Kr.), medan gravene kan vere frå yngre jernalder (600-900 e.Kr.)
- Funna viser likevel at det på Edøy var ei tett kopling mellom bustad og gravplass, seier Ringstad.
 
Ringstad meiner også at vi kan forvente at personen eller personane som vart gravlagt i det store skipet har budd like ved. Truleg har dette vore i eit større hus med ei lengde på anslagsvis 30-50 meter.

Stor lokal interesse

Grunneigar Per Halse har budd på Edøygarden sidan 70-talet og har heilt sidan han kjøpte garden, studert historie til Edøya. Han har lenge hatt ein teori om at Edøya har vore eit tidleg maktsentrum.

– Eg har både lest og spekulert. Det er svært tilfredsstillande at dei teoriane eg har kome frem til, no ser ut til å stemme. Eg ser også at både fylkeskommunen og Smøla kommune jobbar godt med å få frem historia til staden, og det sett eg stor pris på, seier Halse.

No slepp også fylkeskommunen rapporten frå georadarundersøkingane på Edøy og Kuli.
– At vi no endeleg kan sleppe heile rapporten frå NIKU, er utruleg spennande, seier prosjektleiar for Ein bit av historia, Elin Kanck Lorentzen.

Ho er no klar for dei neste stega for dette spennande historiske området.
– Som eit ledd i forskings- og utviklingsarbeidet vårt har vi saman med NTNU Vitenskapsmuseet sendt Riksantikvaren søknad om midlar for vidare undersøkingar. Georadaren har hjelpt oss med å avsløre nye hemmelegheiter om Møre si rolle i vikingtida. No er det opp til oss å finne gode modellar for korleis vi kan skape verdiar basert på vår felles historie, avsluttar Kanck Lorentzen.

Du kan laste ned rapporten frå nettsida til NIKU

Bilde til saka kan du laste ned frå Dropbox (inkl. fil med kreditering og bildetekstar)

Ta kontakt:

  • Elin Kanck Lorentzen, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, tlf. 990 27 502
  • Bjørn Ringstad, fylkeskonservator Møre og Romsdal fylkeskommune , tlf. 414 58 971
  • Knut Paasche, avdelingsleder i NIKU, tlf. 99511510
  • Thomas Wrigglesworth, kommunikasjonsansvarlig i NIKU, tlf. 95877882

Snarvegar

Kontakt