Ny workshop: Korleis kan nye Ørsta vidaregåande bli eit kompetanse- og kultursenter for heile Ørsta?

Hittil har det kome inn tusen innspel til kva nye Ørsta vidaregåande skule skal bli og korleis den kan brukast. Mange ønsker at skulen skal bli eit kompetanse- og kultursenter for kommunen. No inviterer fylkeskommunen alle innbyggarar til ny runde og spør til korleis ulike grupper kan bruke området i lag og fylle det med aktivitet heile dagen.

Skriv ut

 Workshop går av stabelen den 11. juni, og vil bli digital, som workshopen tidligare i mai.

- Med over 200 deltakarar på workshopen og ulike brukargrupper har vi fått inn over 1000 innspel. Det er vi svært fornøgde med, seier Per Olaf Skuseth Brækkan, bygg og eigedomssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune

 ‘Sosialt knutepunkt for alle’

Blant innspela som kom inn var at nye Ørsta vidaregåande skule skal vere eit knutepunkt for utdanning, fagleg utvikling og kompetanseheving. Prosjektet skal vere eit førebilete for korleis vidaregåande skule kan vere ei viktig brikke i stads- og samfunnsutvikling, eit sosialt knutepunkt for alle frå tidleg til seint. Nye Ørsta vidarengåande skal vere ein synleg utdanningsaktør og eit prosjekt som knyt Ørsta saman.

- No tar vi eit steg vidare, og ser korleis kan legge til rette for at området får full av aktivitet frå morgon til kveld, og for at dei same fasilitetane kan bli brukt av flest mogleg?

Også denne gongen vil dei som treng det få opplæring i digitalt møte. Påmelding skjer via  nettsidene til fylkeskommunen, eller ved å sende ein mail til ingvild.nistad@mrfylke.no.

Mange ønske

Hittil har prosjektet vore i ei såkalla open fase. Ønsket  har vore å få inn flest mogleg innspel frå dei som skal bruke bygget og området i framtida. Fokuset har vore på behov, kreativitet, effektar og sambruk. Etter 11. juni går prosjektet inn i meir ei lukka fase, og innbyggarar og brukargruppene er på mange måtar ferdige med jobben sin.

​​​​​​​- Vi vil jobbe med innspela vi har fått inn, og bruke det som grunnlag i prosessen vidare. No skaI vi sjå på kva konkrete rom og funksjonar vi treng i skulen. Dette blir ein del av byggeprogrammet som skal vedtakast i haust. Vi ser på dei arkitektoniske og miljømessige ambisjonane, reguleringsplanar og økonomi, før konseptet tar form. Kva er mogeleg å få til innanfor rammene våre? Korleis skal vi utvikle det kompetanse og kultursenteret mange har sagt at dei ønsker, seier Brækkan

Kven skal inn i huset?

Roger Fylling, rektor ved Ørsta vgs har store ambisjonar for den nye vidaregåande skulen:

- Vi vil at Ørsta vidaregåande skal vere det sjølvsagte valet for unge som ønsker seg ei yrkesfagleg utdanning på Søre Sunnmøre. Skulen skal vere ryggrada for læring i lokalsamfunnet og invitere til god samskaping mellom det offentlege og det private og dei ulike yrkesfaga næringslivet treng, seier Roger Fylling rektor ved Ørsta vidaregåande skole.

Saman med dei andre brukarane , har dei meldt inn kva dei vil ha behov for.

Dei vil ha ein framtidsretta yrkesskule med utdanningsprogram for helse og oppvekst, bygg og anleggsteknikk, elektrofag, teknikk og industriell produksjon, restaurant og matfag.

Den fylkeskommunale tannhelsa vil bygge ein kompetanseklinikk , som skal vere det faglege tyngdepunktet for søre Sunnmøre innan tannhelse.

Ørsta kommune ønsker at prosjektet planlegg for bibliotek med utvida opningstider, dagsenter, felleskjøkken, ungdomskafe med scene, aktivitetar og øvingsrom, opplæringssenter og eit kulturhus med kino/teatersal ogfestsal.

Byggeprogram blir vedtatt i fylkestinget seinare i år.

Kontakt