Ny tilskotsordning for internasjonale forprosjekt

Fylkeskommunen inviterer kommunar, innovasjonsmiljø og aktørar frå kulturell og kreativ næring til å søke inntil 150 000 kroner for å kome i gang med internasjonale prosjekt.

Skriv ut

Formålet med ordninga er å auke kompetansen hos desse aktørane, og generere aktivitet som kan føre til internasjonale prosjekt for utvikling og nyvinning.

I EU finns ei rekke program som kommunar og andre verksemder her i Møre og Romsdal kan søke på for å delta i utviklingsprosjekt i samarbeid med aktørar i Europa. For mange er det ein høg terskel for å kome i gang med denne typen prosjekt, og derfor lyser vi no ut ei forprosjektordning for å gjere vegen enklare. 

-Forprosjektordninga skal gi søkaren handlingsrom til å starte dei nødvendige prosessane som ligg til grunn for deltaking i EU-program, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad. 

Kven kan søke?

Det er kommunar, innovasjonsmiljø og kulturell og kreativ næring som i denne omgang kan søke støtte frå forprosjektordninga.

-Kulturelle og kreative næringar er hardt råka av koronasituasjonen. Den internasjonale forprosjektordninga kan for eksempel vere ein inngang til deltaking i EU-programmet Kreativt Europa eller til samarbeid gjennom EØS-ordninga, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen. 

Kva kan dei søke støtte til?

Det kan for eksempel søkast om tilskot til å bygge kompetanse om dei forskjellige EU-programma og korleis arbeide fram internasjonale prosjekt, reise til nettverksarenaar i Europa, søke etter og besøke samarbeidspartnarar. Støtta kan også gå til å utvikle prosjektet og skrive prosjektsøknad. 

I denne utlysinga vil det vere mogleg å søke om tilskot til forprosjekt som rettar seg inn mot desse EU-programma:
•    Horisont 2020/Horisont Europa
•    Interreg-program
•    Kreativt Europa
•    Erasmus-programmet for strategiske partnarskap
•    EØS-ordninga

Økonomisk ramme

Samla ramme for ordninga er 750 000 kroner. Kvar aktør kan søke inntil 150 000 kroner. Forprosjekt kan støttast med inntil 75 prosent. Det vil seie at søkar må finansiere 25 prosent sjølv, enten i form av kapital eller eigeninnsats, eller ein kombinasjon av desse. 

Fylkeskommunen behandlar søknadar fortløpande, men siste frist for å sende inn søknad er 1. desember 2020.
Les heile utlysingsteksten og søk støtte på www.regionalforvaltning.no

Kontakt