Ny FRAM Flexx-rute på Skåla frå 22. juni

Frå 22. juni 2020 vil innbyggarane på Skåla kunne bestille transport med ei heilt ny FRAM Flexx-rute mellom Kortgarden-Skålasenteret-Kortgarden.

Skriv ut

- Vi begynner med bestillingstransporten FRAM Flexx på denne strekninga frå neste veke etter å ha fått mange tilbakemeldingar om at ruta er ønska og fleire har uttrykt at ho kjem til å bli godt brukt, seier rådgivar Inge Rønstad i driftseksjonen til FRAM.

Rute 424S Kortgarden-Skålasenteret-Kortgarden kan du frå 22. juni bestille for reise måndag-fredag mellom klokka 10.30 og 17.30. Bestillingsfristen er seinast 2 timar før du skal reise. For å bli henta heime treng du å bu inntil 2 kilometer frå den merka vegen for ruta. Transporten kostar 50 kroner per person kvar veg.

Her kan du finne brosjyren for FRAM Flexx-tilbodet på Skåla.

For å bestille transporten med FRAM Flexx, kan du ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 eller bestille over nett på frammr.no. Du kan også finne meir informasjon om tilbodet på frammr.no eller ved å ringe FRAM Kundesenter.

Kontakt