No startar asfaltsesongen

Møre og Romsdal fylkeskommune skal legge opp mot 100 km asfalt på fylkesvegane i år.

Skriv ut

- Løyvingane til asfalt i år var 65 mill. kr eks. mva. I tillegg har fylkestinget løyvd 14 millionar kroner ekstra gjennom den fylkeskommunale tiltakspakken knytt til koronaepidemien. Det gjer at vi kan asfaltere opp mot 100 kilometer asfalt på fylkesvegnettet i år, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen. 

Det er 3200 kilometer fylkesveg i Møre og Romsdal. Kartleggingar har vist at over halvparten av fylkesvegnettet har svært dårleg standard på asfalten. Det gjer at det er svært strenge prioriteringar som ligg til grunn for avgjerda om kva vegstrekningar som får ny asfalt i år. 

Trafikkmengda er avgjerande

Trafikkmengda er ein viktig faktor for prioriteringa. Med nokre få unntak har alle vegane det er planlagt ny asfalt på i år ein trafikk på over 1500 bilar i døgnet i gjennomsnitt. Det gjer at det er mange trafikantar som får nyte godt av ny asfalt. 

Det er til dømes planlagt 2,6 km ny asfalt på fv. 60 mellom Blindheim og Flisnes i Ålesund, der 11080 køyretøy nyttar vegen dagleg, 2,5 km ny asfalt mellom Moen og Syltesetra i Hustadvika der 7800 køyretøy dagleg nyttar vegen og til saman 10 km ny asfalt på fv. 653 mellom Garnes og Furene på Søre Sunnmøre der 3000-4000 køyretøy nyttar vegen kvar dag.

- Baksida er at vi har mange kilometer fylkesvegar med relativt låg trafikk og dårleg standard der vi ikkje kan prioritere midlar til ny asfalt. Der må folk vere førebudd på at vi berre kan gjere mindre tiltak for å sikre framkome og tryggleiken. Dei som treng desse vegane skal kome seg fram, men dei må vere førebudd på å ta omsyn til at vegen ikkje er i god stand, fortel fylkesvegsjefen.

Her kan du sjå kva strekningar som er planlagt asfaltert på fylkesvegane i Møre og Romsdal i 2020. 

Fylkeskommunal tiltakspakke gir meir asfalt

Fylkestinget har i tillegg løyvd 14 millionar kroner gjennom den fylkeskommunale tiltakspakken knytt til koronaepidemien. Desse midlane er ikkje fordelt på strekningar enno, men det er dei same kriteria som ligg til grunn for prioriteringa av desse midlane som for dei allereie planlagde strekningane.

- Vi må vente til snøen er borte frå alle vegane for å få ei oversikt over tilstanden etter vinteren. I tillegg har vi kartleggingar og målingar av heile fylkesvegnettet som vi brukar saman med trafikktal, vegen sin funksjon for samfunnet og ei vurdering av tryggleiken for å gjere prioriteringa, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen. 

Asfalteringa startar i mai og varar til november. 
 

 

Kontakt