No kan du nominere kandidatar til Miljøprisen

Veit du om nokon som har gjort ein ekstra innsats for miljøet i Møre og Romsdal i løpet av året? Då vil vi høyre frå deg.

Skriv ut

I over ti år har Møre og Romsdal fylkeskommune delt ut Miljøprisen. Prisen går til nokon som i løpet av året har gjort eit særleg verdifullt arbeid på områda biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi.

Fylkeskommunen er ein pådrivar for miljøarbeidet i fylket, og ønskjer å gi ekstra merksemd til dei som gjer ein innsats for ein grønare kvardag og framtid. 

Vi inviterer alle til å sende inn forslag til miljøpris-kandidatar. I forslaget må du gi ei kort skildring av kandidaten, og ei grunngjeving for kvifor du meiner kandidaten fortener prisen.

Kven kan få Miljøprisen?

Prisen kan gå til enkeltpersonar, skoleklassar, organisasjonar, institusjonar, bedrifter, kommunar eller andre. 

Her kan du melde inn din kandidat.

Miljøprisen består av eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Prisen blir delt ut under fylkestinget i desember.

Frist for å sende inn forslag er 2. november 2020.

Desse har vunne tidlegare:
2019: Ulrik Sandøy Sørensen
2018: Sødahlhuset AS
2017: Plastfritt Giske
2016: Smøla Klekkeri og Settefisk AS
2015: Stranda Prolog AS 
2014: Naturvernforbundet
2013: Standal knuseverk AS
2012: Alv Ottar Folkestad
2011: Norsøk
2010: Olav Bye
2009: Runde miljøsenter

Kontakt