No er bygginga av skredsikringstunnelen til Geiranger i gang

Hotell Union Geiranger sin administrerande direktør Monja Mjelva var vikarierande sprengingsbas da første salva på skredsikringstunnelen på fv. 63 mellom Korsmyra og Indreeide blei sprengt 11. november.

Skriv ut

Den 4,8 km lange tunnelen skal sikre 13 skredpunkt på strekninga, som kvar vinter er stengt på grunn av skredfare eller snøskred. Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått kontrakt med Kruse Smith AS/Volda Maskin AS om bygginga, som skal vere ferdig hausten 2023.

- Vi er veldig glad for at vi nå kan starte bygginga av denne tunnelen. Det vil gi ein tryggare og meir føreseieleg veg for dei som bur og driv næring i Geiranger. Dei mest krevjande vintrane dei siste ti åra har vegen vært stengt rundt 300 timar i løpet av ein vintersesong. Det er 12,5 døgn med ferje tre gonger om dagen som einaste veg ut og inn av bygda. Det vil bli betre når tunnelen opnar, sa fylkesordførar Tove-Lise Torve, som var til stades på markeringa. 

Også leiar i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim trakk fram kor viktig ein trygg veg er for at folk kan bu, drive næring og vidareutvikle Geiranger i sin tale på anleggsområdet på Indreeide.

Dei førebuande arbeida til tunnelen vart gjennomført i 2019 av Lesja Bulldozerlag AS. Skredsikringsprosjektet mellom Korsmyra i Stranda og Indreeide i Fjord har ei kostnadsramme på 840 millionar kroner. 

Anleggsleiar Renate Skien i Kruse Smith AS medan røyken legg seg frå første salva på skredsikringstunnelen som blir bygd mellom Korsmyra og Indreeide.

Anleggsleiar Renate Skien i Kruse Smith AS medan røyken frå første salva legg seg i bakgrunnen.

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen, Monja Mjelva, bas i Kruse-Smith AS Ottar Andreas Bech, fylkesordførar Tove Lise Torve og leiar i samferdselsutvalet Kristin Sørheim.

Fv. fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen, Monja Mjelva, sprengingsbas Ottar Andreas Bech, fylkesordførar Tove-Lise Torve og leiar i samferdselsutvalet Kristin Sørheim.

Bas Ottar Andreas Bech (midten) og "vikar-bas" Monja Mjelva.

Bas Ottar Andreas Bech og vikar-bas Monja Mjelva etter ei vellukka første salve. 

Snarvegar

Kontakt