Netto driftsresultat på 47,1 mill. kroner for Møre og Romsdal fylkeskommune i 2020
Foreløpig årsrekneskap for 2020 viser eit netto driftsresultat på 47,1 mill. kroner for Møre og Romsdal fylkeskommune. Det positive resultatet utgjer 0,7 prosent av fylkeskommunen sine totale inntekter.
– Sjølv om vi ikkje når måltalet om eit netto driftsresultat på 2 % av driftsinntektene, er dette likevel eit godt resultat i ei utfordrande tid for organisasjonen og fylket, seier Guttelvik.
Netto driftsresultat 87,9 mill. kroner før korreksjon til bundne fond
Netto driftsresultat er korrigert ned med 40,1 mill. kroner. Dette er avsetning av statlege overføringar til øyremerka tilskot som til dømes spelemidlar, kulturtanken, Innovasjon Norge og Regionale forskingsfond. På grunn av covid-19 pandemien har også dei statlege overføringane til desse formåla blitt auka betydeleg i 2020.
Ekstra statlege overføringar på 275,6 mill. kroner
Årsrekneskapen viser ei auke i statlege overføringar på 275,6 mill. kroner i samband med koronapandemien. 247,1 mill. kroner er kompensasjon for inntektsbortfall i kollektivtrafikken, 3,1 mill. kroner er kompensasjon i vidaregåande skole, og 24,8 mill. kroner er stimuleringsmildar til andre (BIO, kompetanse, lærlingtilskot og karriererettleiing).
Stram økonomistyring
Driftsrammene syner eit mindreforbruk på 95,1 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak ein kombinasjon av stram økonomistyring, omstillingstiltak som vart sett i verk i 2020, og reduserte driftskostnadar knytt til koronapandemien.
Disposisjonsfond på 12 %
Disposisjonsfondet er per 31.12.20 på 778,7 mill. kroner, dvs. 12 % av brutto driftsinntekter.
Auke i lånegjelda
Lånegjelda er per 31.12.20 på 7,0 mrd. kroner, noko som gir fylkeskommunen ei gjeldsgrad på 105 %.
Reelt netto driftsresultat på 10,9 mill. kroner
-Sjølv om vi etter korreksjon for avsetningar får eit netto driftsresultat på 47,1 mill. kroner, er det reelle netto driftsresultatet for 2020 lågare. Dette med bakgrunn i at vi har mottatt 36,2 mill. kroner for mykje i kompensasjon for inntektsbortfall i kollektivtrafikken, og vi må rekne med at dette vil avkorte framtidige utbetalingar for inntektsbortfall. Om vi tek omsyn til det, er det reelle netto driftsresultatet for 2020 berre på 10,9 mill. kroner, avsluttar Guttelvik.
Det vil i samband med framlegg av årsrekneskapen for 2020 til fylkestinget i april bli utarbeidd ei breiare økonomisk analyse.
Nøkkeltal:
Beløp | Kommentar | |
Netto driftsinntekter | 6 421,5 mill. kroner | |
Netto driftsresultat | +87,9 mill. kroner | før korreksjon |
Netto driftsresultat | +47,1 mill. kroner | 0,7 % av brutto driftsinntekter |
Disposisjonsfond | 778,7 mill. kroner | 12 % av brutto driftsinntekter |
Lånegjeld | 7,0 mrd. kroner | gjeldsgrad på 105 % |