Nær 74,5 millionar til 68 kulturorganisasjonar og –institusjonar i fylket

Pengestøtta frå fylkeskommunen skal gjere det lettare for kulturlivet å tenke langsiktig og planlegge aktiviteten sin. Sjå kven som har fått støtte.

Skriv ut

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune fordelte nyleg driftstilskot til 68 kulturorganisasjonar i heile fylket.

- Ved å støtte alle desse organisasjonane, bidrar vi til eit breitt spekter av kulturaktivitet og stimulerer til ny aktivitet og utvikling i fylket. Samtidig støttar vi opp om under kva kommunane prioriterer på dette feltet, og forsterkar rolla vår som regional samfunnsutviklar, seier leiar i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

Betre levekår

Dei fylkeskommunale driftstilskota er delt inn i faste driftstilskot til dei store kulturinstitusjonane, treårig driftstilskot og eittårig driftstilskot. Det er også ei ordning for regionale festivalar og kulturarrangement.  

I 2020 er det tildelt totalt omlag 74,5 mill. kroner i driftstilskot.

- Målet med pengestøtta er at kulturlivet skal få betre kår, slik at dei skal vere i stand til å planlegge fram i tid og ha føreseielege rammer, seier Nerås Krogsæter.

Kultur er god folkehelse

I denne tildelinga er det også satt av 3,35 mill. kroner til å støtte kommunalt folkehelsearbeid.

– Det er ein tett samanheng mellom engasjement og deltaking i kultur- og fritidslivet og god folkehelse. Det handlar om å gjere noko aktivt, gjere noko saman og gjere noko meiningsfylt, seier Nerås Krogsæter.

Første april er det søknadsfrist for eittårig driftstilskot. Her er det ei ramme på  500 000 kroner. Denne ordninga er for mindre frivillige organisasjonar.

Sjå fordelinga av tilskot til institusjonar og organisasjonar her.

 

 

Kontakt