Møre og Romsdal har fått eige forskingsfond

-Pengane er øyremerka Møre og Romsdal, og noko av det bedrifter og kommunar kan sjå fram til, er tettare oppfølging og kortare saksbehandlingstid, seier styreleiaren i det nye fondet, Bergljot Landstad.

Skriv ut

Fondet heiter Regionalt forskningsfond Møre og Romsdal, og i 2020 har fondet 14,4 mill. kroner til å støtte gode forskingsprosjekt.

Vil utvikle forskingskultur

-I Møre og Romsdal har vi ein tradisjon for å bruke magefølelse og erfaring for løyse problem. Men vi lever i ei ny tid, og innsikta forskinga kan gi oss, vil i mange tilfelle vere heilt avgjerande for å lykkast, seier Terje Bach i NEAS. Bach sit i styret for det nye fondet som ein av representantane for næringslivet. Styret hadde sitt første møte tysdag 28. januar.

Sekretariat tett på

Det er også på plass eit sekretariat som vil vere kontaktpunktet mot bedrifter og kommunar som ønskjer å sette i gang forskingsprosjekt. Sekretariatet består av Øyvind Herse og Anna-Marie Hatlestad, begge arbeider i Møre og Romsdal fylkeskommune med forsking og innovasjon.

-Vi ser fram til bistå bedrifter og kommunar med å komme i gang med forsking. Fordelen med å vere eigen fondsregion er kortare avstand til der utviklinga skjer, og at vi kan sjå fleire virkemidlar i samanheng, seier Herse.

Fortløpande vurdering av forprosjekt

Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal kjem til å lyse ut to typar prosjekt: kvalifiseringsprosjekt (forprosjekt) og hovudprosjekt. Kvalifiseringsprosjekta vil det vere mogleg å søke på heile året, og søknadsvurderinga skjer fortløpande. Hovudprosjekt vil bli lyst ut ein gong kvart år, første gong i slutten av mars 2020, med søknadsfrist 6. mai.

Fakta om regionale forskingsfond

Regionale forskingsfond ei tilskotsordning som skal styrke regionanes forskingsevne gjennom tilskot til forsking og innovasjon og gjennom mobilisering til auka FoU-innsats. Frå 1. januar 2020 vil fondsregionane følge dei nye fylkesgrensene.

Fondet skal brukast til å støtte opp under regionens prioriterte innsatsområde. Innafor desse områda skal fondet bidra til langsiktig, grunnleggande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og i bedrifter og kommunar.

Fondet tar i mot søknadar frå bedrifter, kommunar og FoU-miljø i fylket.

Styret i Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal består av:

  • Styreleiar: Bergljot Landstad frå Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Erik Kursetgjerde frå kultur-, nærings- og folkehelseutvalet
  • Siv Katrin Ulla frå utdannings- og kompetanseutvalet
  • Iren Stoknes og Terje Bach representerer næringslivet
  • Arthur Almestad frå Forskningsrådet
  • Turid Hanken representerer kommunane

Snarvegar

Kontakt