Mange vil vere med i den offentlege samtalen om hydrogen

Denne veka arrangerer fylkeskommunen dialogmøte om hydrogen, både i Ålesund og i Molde. Den store diskusjonen går på korleis vi skal kommersialisere teknologien og få på plass infrastrukturen. 

Skriv ut

-Hydrogen er ein klimanøytral og evigvarande energiberar. Hydrogen kan vere viktig for at vi skal nå klimamåla vi har satt oss, og vi håper dette møtet er starten på ein større dialog om hydrogen, seier fylkesvaraordførar Per Vidar Kjølmoen, som opna dialogmøtet i Molde onsdag 22. januar. Kjølmoen viser til utfordringane med kraftforsyning, kapasitet og sikkerheit som også står på dagsorden denne veka.

Det var fullt både i Ålesund og Molde, og møta var leia av Lina Vassdal, rådgivar energi i Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Vi opplever at svært mange er opptatt av hydrogen no, og at det er eit stor behov for meir informasjon og kunnskap, noko også talet på deltakarar viser. Fylkeskommunen si rolle er å vise moglegheiter og stimulere til næringsutvikling, arrangere møter og få folk til å snakke saman for å komme eit steg vidare i diskusjonen. Fylkeskommunen kan også påverke gjennom vår rolle som ansvarleg for offentleg transport.

Det er også mogleg å søke fylkeskommunen om støtte gjennom dei regionale utviklingsmidlane til gode tiltak, seier ho.