Løftar utfordringane i eksportnæringa til nasjonalt nivå

Partnarskap for verdiskaping i Møre og Romsdal sender i dag ein uttale til sentrale styresmakter med innspel til utviklinga for eksportnæringane.

Skriv ut

-Vi er bekymra for næringslivet i fylket som følge av koronakrisa, og særleg dei langsiktige verknadene for dei eksportretta bedriftene. Dei sit på kunnskap og avansert teknologi som er utvikla over mange tiår, og som Noreg er heilt avhengig av i åra som kjem, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve.

Dette er partnarskapen spesielt opptatt av:

  • Treffsikre tiltakspakkar må utformast i nært samarbeid med bransjane sjølve
  • Ein plan for auka skipsbygging må kome i statsbudsjettet for 2021
  • Industrien må gis moglegheit til å utvikle nye løysingar retta mot det grøne skiftet
  • Det må leggast til rette for meir produktutvikling og innanlands foredling av fisk
  • Det må satsast meir på forsking og innovasjon innanfor havbruk, m.a. fiskehelse
  • Det må leggast til rette for utvikling av karbonfangst og lagring (CCS), havvind og ny verdiskaping basert på ressursane i havet, jfr. regjeringas havstrategi
  • Møbel- og ferdigvareindustrien treng kompetanseutvikling og ei ny eksportordning
  • Reiselivet treng utviklingstiltak, og det hastar med gode løysingar knytt til framtidige restriksjonar på cruisetrafikken i fjordane
  • Infrastrukturprosjekt som aukar verdiskapinga må prioriterast, dvs. styrke eksportaksen inn og ut av fylket og verdiskapingsaksen frå nord til sør i fylket

Du kan lese heile uttalen i vedlegget her.

Partnarskapen består av Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, NHO, LO, Innovasjon Norge, Forskningsrådet, NAV, Siva og KS. Leiarane for næringsklyngene har også vore tett kopla på denne prosessen.

- Eg er glad for at Møre og Romsdal har eit aktivt partnarskap som raskt og effektivt er i stand til å identifisere utfordringar og utarbeide forslag til løysing. Det er også viktig at tiltaka blir utforma i lag med dei ulike bransjane sjølve, slik at dei blir så treffsikre som mogleg, seier Torve.

Strakstiltak som er på plass

Fleire tiltakspakkar har kome frå staten og er i ferd med å bli implementert i fylket. Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok 21.04. ein ekstraordinær tiltakspakke på 190 mill. kr, som er midlar til prosjekt som kan bli iverksett fort innanfor samferdsel og vedlikehald av skolebygg, på kulturfeltet og innanfor næringsliv. Eit svært etterspurt tiltak for næringslivet er bedriftsintern opplæring (BIO). For at desse midlane skal kunne brukast fornuftig i krisetid er det avgjerande at dei permitterte ikkje misser dagpengane sine når dei deltek på dei kursa som blir sett opp. Den regelendringa som no er varsla frå regjeringa er difor svært bra.

 

Dokumenter

Kontakt