Levekårsnettverket møttes i Kristiansund

I går møttes leverkårsnettverket i Kristiansund, som er ein del av prosjektet Møre og Romsdal mot 2025

Skriv ut

Under møtet informerte Kristiansund kommune om utfordringar og innsatsprosjekt knytta til levekår og folkehelse.

Alle etatane som deltok på møtet la fram planane sine og oppdrag dei har i 2020, og det vart diskutert mogelege samarbeid og felles satsingar. 

Om levekårsnettverket:

Levekårsnettverket for Møre og Romsdal vart etablert i januar 2019 i regi av prosjektet Møre og Romsdal 2025. Målet er å skape eit forum der aktørane kan samarbeide om oppdragsløysingane for å kunne gi relevant og koordinerte tenester til kommunane på velferdsområdet.

Ved oppstart var Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Husbanken Midt-Norge, IMDi Midt-Norge, NAV og KS partane i nettverket. Fylkesmannen er leiar av nettverket. 

Eksempel på område som dei arbeider med er bustad for velferd, nullvisjon for utanforskap og utsatte barn og unge