Kva utdanningsprogram er mest pop på vidaregåande skole?

Då søknadsfristen gjekk ut 2. mars, hadde 3808 ungdommar søkt om skoleplass på Vg1. Yrkesfaga har ein auke på sju prosent med helse og oppvekstfag og teknikk og industriell produksjon på topp. Medier og kommunikasjon har ein stor nedgang. Sjå kva og kvar ungdommen har søkt i heile fylket.

Skriv ut

- 55 prosent av søkarane til vg1 har søkt yrkesfag. Dette er gledeleg, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken.

Helse og oppvekstfag mest popPå yrkesfag har flest søkt Vg1 helse og oppvekstfag. I lag med Vg1 teknikk og industriell produksjon har desse to utdanningsprogramma over tusen søkarar. Av yrkesfaga hadde naturbruk, bygg og anleggsteknikk og elektrofag størst prosentvis auke. 

Auke i studieførebuande

Dei studieførebuande utdanningsprogramma har ein auke på 1 %. Mest søkt er studiespesialisering. Størst vekst var det for utdanningsprogrammet kunst, design og arkitektur, medan idrettsfag og musikk, dans og drama held fram med god søking.

I år har medier og kommunikasjon ein stor nedgang. Ei forklaring kan vere at søkarar i staden har valt det nye utdanningsprogrammet IT og medieproduksjon.

Større kull

Det er 154 fleire søkarar til VG1 enn i fjor.  Hovudgrunnane er at avgangskullet frå ungdomsskolen er større, at fleire søker seg direkte frå 10. klasse til vidaregåande opplæring og at det er fleire søkarar som gjer omval.

Vel tradisjoneltDet er ikkje store endringar i kjønnsfordelinga mellom studieførebuande og yrkesfaga. Søkarane vel framleis tradisjonelt. Gutar søker til elektrofag, bygg og anleggsteknikk og teknikk og industriell produksjon, mens jentene søker til design og handverk, kunst, design og arkitektur, musikk, dans og drama og helse- og oppvekstfag. På nokre utdanningsprogram er kjønnsfordeling meir balansert, til dømes på teknikk og industriell produksjon med om lag 15 prosent kvinner i år mot 8 prosent i fjor.

Nær 60 prosent av søkarane til studiespesialisering er jenter.

Utfordring å skaffe nok læreplassar

1183 har søkt lære i år. Det er 5 mindre enn i fjor. Det er ei god utvikling i talet på søkarar til utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag og teknikk og industriell produksjon. Det er berre små forskjellar i talet på søkarar til dei ulike faga.