Kva er potensialet for omlegging til fossilfrie landbruksmaskiner i Møre og Romsdal?

Vista Analyse har, på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune, gjort ei kartlegging av dette. Rapporten blir presentert på eit seminar 1. oktober som Landbruk Nordvest og fylkeskommunen arrangerer.

Skriv ut

Utgreiinga tar for seg moglegheitene for el-, biogass og hydrogendrivne landbruksmaskiner, i hovudsak traktorar.

-Rapporten konkluderer med at det vil gå nokre år før låg eller utsleppsfrie traktorar er tilgjengelege med aktuelle modellar i eit slik omfang at det vil vere interessant for jordbrukarane. Kort brukstid mellom kvar lading og auka kostnadar er to av barrierane, seier rådgivar Lina Vassdal. 

-Det står også i rapporten at Møre og Romsdal kan ta sikte på å bli eit pilotfylke for å teste ut bruk av el- eller hydrogentraktorar under ulike forhold, så snart desse kjem på marknaden, seier Vassdal. 

Fagdag om klimalandbruk

Torsdag 1. oktober arrangerer Landbruk Nordvest og Møre og Romsdal fylkeskommune fagdag om klimalandbruk i Møre og Romsdal. Arrangementet skjer på Scandic Seilet i Molde.

Meld deg på her innan 22. september

Dette prosjektet har fått støtte frå Miljødirektoratet (klimasats-midlar) og arrangementet er derfor gratis.

Dokumenter

Kontakt