Kruse Smith AS og Volda Maskin AS innstilt til kontrakt på skredsikringstunnel

Møre og Romsdal fylkeskommune har innstilt arbeidsfellesskapet Kruse Smith Entreprenør AS/Volda Maskin AS til kontrakten på bygginga av skredsikringstunnel på fv. 63 mellom Eidsdal og Geiranger.

Skriv ut

Sju entreprenørar hadde levert tilbod på oppdraget, som er ei totalentreprise som inneheld prosjektering og bygging av:
•    4,8 km tunnel og 100 meter tunnelportalar
•    Komplett elektroarbeid for prosjektet
•    400 meter veg i dagen med tilkopling på eksisterande vegnett
•    Ei 25 meter lang bru
•    Ein 135 meter lang ledevoll for skred på Indreeide
Begge forskjeringane blei sprengt og gjort klare i 2019 i ein førebuande kontrakt.

Best pris og kvalitet

Kontrakten er tildelt entreprenøren som har levert tilbodet med best forhold mellom pris og kvalitet. Kvaliteten blir vurdert ut frå gjennomføringsplanen, entreprenøren si organisering og nøkkelpersonell. 
Vurderinga og verdisettinga av kvaliteten på tilboda blei gjort før prisane blir opna. Kontrakten er tildelt entreprenøren med lågaste vekta sum (pristilbod minus verdi på kvalitet), men kontraktssummen er prisen i tilbodet som er levert.
 

  Tilbodssum eks. mvaVerdi gjennomføringsplanVerdi organisering og personellVekta sumTilbodssum inkl. mva
 Veidekke entreprenør AS751 555 97935 000 00040 000 000676 555 979939 444 973,75
 Skanska Norge AS722 617 18335 000 00040 000 000647 617 183903 271 478,75
 NCC Norge AS720 552 56135 000 00035 000 000650 552 561900 690 701,25
 Metrostav Norge AS649 811 08925 000 00030 000 000594 811 089812 263 861,25
 Leonhard Nilsen og Sønner AS701 899 44920 000 00035 000 000646 899 449877 374 311,80
 Kruse Smith Entreprenør AS/Volda Maskin AS516 992 16240 000 00045 000 000431 992 162646 240 202,50
 Bertelsen og Garpestad AS538 108 40310 000 00025 000 000503 108 403672 635 503,75

 

- Vi er svært godt nøgde med konkurransen om oppdraget og at vi kan innstille entreprenøren som vi meiner hadde best kvalitet på tilbodet og som også har lågast pris, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Møre og Romsdal fylkeskommune. 
Tilbydarane har ti dagars klagefrist på innstillinga. Tilboda skal også leggast fram for politikarane før ein kan skrive kontrakt.
 

Sikrar 13 skredpunkt

Fv. 63 er einaste tilkomstveg for Geiranger om vinteren. Når prosjektet er ferdig blir det tryggare for trafikantane og færre stengingar av vegen på grunn av skred eller fare for skred. Skredsikringsprosjektet sikrar 13 registrerte skredpunkt. Årsdøgntrafikken er i 630 køyretøy i gjennomsnitt, men varierer frå 1500 køyretøy i døgnet i sommarsesongen til 200 køyretøy i døgnet om vinteren.

Byggestarten er planlagt i haust og tunnelen skal etter planen opne for trafikk hausten 2023.
 

Snarvegar

Kontakt