Krafttak for Geiranger

Fylkeskommunen vil ta større ansvar for utviklinga av Geiranger og verdsarvområdet og ønskjer å sette i gang eit langsiktig program.

Skriv ut

-Geiranger står i ei særstilling både nasjonalt, regionalt og lokalt. Vedtaket om nullutslepp i Geirangerfjorden frå 2026 gjer at samfunnet står overfor store utfordringar og ei stor omstilling i åra som kjem. Koronasituasjonen gjer det ikkje mindre utfordrande, sidan store delar av bygda lever av reiseliv. Derfor vil fylkeskommunen ta eit større ansvar for utviklinga av Geiranger, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve.

Fylkesutvalet behandla saka i møte tysdag 24. mars og vedtok å ta eit tydelegare ansvar for utviklinga av Geiranger. Fylkeskommunen vil bidra til å få på plass «Forum Geiranger».

Fylkeskommunen vil vurdere å definere Geiranger med omgivnader, delområde av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, som eit omstillingsområde og søke støtte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for eit omstillingsprosjekt.

Fylkeskommunen vil i tillegg prøve ut nye verkemiddel for å oppretthalde landbruket i Geiranger og omlandet, t.d. gjennom utprøving av ein variant av "sveitsisk landbruksmodell".

Kostnadar og konkretisering av tiltak vil fylkeskommunedirektøren komme tilbake til i strategi- og rammesaka.

Fylkeskommunen arbeider allereie med tiltak innafor:

Samferdsel

  • Ferjesambandet Geiranger – Hellesylt: forbetra tilbod frå og med april 2022. Konsesjonen for drift av strekninga er lyst ut med svarfrist 7. mai 2020.
  • Ferjesambandet Eidsdal – Linge: opprusting av kaianlegget og miljøferje med større kapasitet
  • Strekninga Korsmyra – Indreeide: bygging av ein 4,8 kilometer lang fjelltunnell som vil sikre 13 skredpunkt på strekninga.
  • Skredvarslingsanlegg ved Grannefonna (saka skal behandlast av fylkespolitikarane i april)

Kultur og kulturarvforvaltning

  • Det vil bli oppretta ei kulturforvaltarstilling for å sikre forvaltning og utvikling av kulturminne og kulturmiljø. Her er det snakk om ei samfinansieringsordning mellom fleire aktørar.
  • Sikre kultur- og fritidstilbod gjennom fylkeskommunale tilskotsordningar
  • Forprosjekt om mogleg Artist in Residence-program (AIR) i Geiranger. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv, Musea på Sunnmøre (KUBE) og Møre og Romsdal kunstsenter.

Næring og samfunn

  • Sjå på moglegheiter for betra forhold for parkering og infrastruktur for besøkande i sentrum
  • Fylkeskommunen vil be SIVA greie ut potensialet for ein næringshage som dekkjer til dømes berekraftig reiseliv, natur/kulturminnevern og kreative kulturnæringar. Ein næringshage innan berekraftig reiseliv vil vere unikt i Norge, og kan vere eit viktig bidrag til fleire heilårlege arbeidsplassar i Geiranger.
  • I tillegg til desse prosjekta finst det ei rekke moglege utviklingsprosjekt for Geiranger. Fylkeskommunen har mellom anna dialog med Husbanken og Innovasjon Norge om finansiering av bustadsutvikling og bedriftsutvikling.
  • Dei pågåande utgreiingane som analyserer konsekvensane av nullutsleppsvedtaket vil også kunne peike på aktuelle utviklingstiltak for Geiranger.

Fylkespolitikarane behandla saka i møte 24. mars, og du kan lese heile saksframlegget her.  

Kontakt