Kraftmontasje med best elektrotilbod på Nordøyvegen

Statens vegvesen har tildelt elektrokontrakten på Nordøyvegen til Kraftmontasje AS. Firmaet har hovudkontor i Vestnes

Skriv ut

Kontrakten blir tildelt firmaet som har levert tilbodet med det beste forholdet mellom pris og kvalitet.

- Vi fekk inn fem gode tilbod og det er ikkje store skilnader i kvaliteten på tilboda. Vi har hatt god konkurranse på kontrakten og har fått prisar som ligg under kostnadsanslaget vårt, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Du kan lese meir om tildelinga på nettsida til Statens vegvesen