Kjøper aksjar for fem mill. i Møreforsking

Fylkestinget vedtok i går å teikne 5000 aksjar i Møreforsking for å styrke den økonomiske situasjonen i selskapet.

Skriv ut

Dette inneber at Møre og Romsdal fylkeskommune etter emisjonen vil eige 47,5% av aksjane, opp frå dagens 36%.

Aksjekjøpet blir finansiert ved bruk av ubundne investeringsfond.

Fylkeskommunedirektøren meiner det er nødvendig å styrke Møreforsking AS sin eigenkapital på bakgrunn av den økonomiske situasjonen i selskapet. Saksframlegget viser at til at ‘Møreforsking er fylkets største forskingsinstitutt og ein viktig kunnskapsleverandør for nærings- og samfunnslivet i heile fylket.

Det blir også peika på at selskapet har nærleik og lokal kunnskap om regionen og næringslivet, og at dette er viktig for å utvikle relevant forsking og styrke bruken av forsking i næringsliv og kommunar.

Fusjonerer datterselskapa

Styret i Møreforsking AS og ekstraordinær generalforsamling har gjort vedtak om å fusjonere dei to datterselskapa, Møreforsking Ålesund AS og Møreforsking Molde AS inn i Møreforsking AS, og samtidig gjennomføre ein emisjon for å styrke eigenkapitalen i selskapet med minimum 7 mill. kroner. Målet er å forenkle og effektivisere Møreforsking sin organisasjon.

Møreforsking er eit regionalt forskingsinstitutt som driv anvendt, oppdragsbasert forsking innan fagområda Samfunn, Transportøkonomi, Logistikk, Hav og kyst, Sjømatkvalitet, Marine råstoff og Marine ingrediensar. Møreforsking sitt formål er å vere ein kunnskapsleverandør for det regionale nærings- og samfunnslivet. Møreforsking har i dag tilsette i Ålesund, Molde og Kristiansund, totalt 48 årsverk.

Kontakt