Kan hydrogen brukast til å produsere asfalt?

Asfaltprodusenten Veidekke Industri AS har søkt fylkeskommunen om 750 000 kroner til å finne ut om det er mogleg å bruke hydrogen som energiberar i asfaltproduksjon. Fylkespolitikarane skal behandle saka tysdag 4.  februar.

Skriv ut

Asfaltproduksjon er energikrevande. Steinmateriale og bitumen (restprodukt av råolje) blir blanda og varma opp til høg tempratur. Det går med energi både til å varme opp steinen og til å fordampe vatnet i steinmassane.

Fylkeskommunen er på leit etter område der hydrogen kan erstatte fossil energi. Noreg produserer om lag 8 mill. tonn asfalt per år, og det er hovudsakleg naturgass og petroleumsgass som blir brukt.

Veidekke er ein av tre store asfaltprodusentar i Møre og Romsdal. No ønskjer dei altså å gjennomføre ei moglegheitsstudie for bruk av hydrogen som energiberar i asfaltproduksjon. Prosjektet har eit kostnadsoverslag på 1,5 mill. kroner. Fylkesadministrasjonen foreslår å støtte prosjektet med inntil 750 000 kroner. Det er kultur, nærings- og folkehelseutvalet som skal behandle saka.

Les heile saksframlegget

Kontakt