Havpolitikk og berekraft: regionane har ei nøkkelrolle

Den marine ressursgruppa i Nordsjøkommisjonen, leia av folkevald Erik Kursetgjerde frå Møre og Romsdal, hadde nyleg møte med statssekretær Jens Frølich Holte frå Utanriksdepartementet. Temaet var internasjonal havpolitikk og korleis den påverkar Nordsjøregionen. 

Skriv ut

Nordsjøkommisjonen er ei samarbeidsplattform for regionar rundt Nordsjøen. Møre og Romsdal fylkeskommune er medlem og deltek i temagruppe for transport og marine ressursar. Marin ressursgruppe, leia av Erik Kursetgjerde, hadde møte 17. mars 2021, der statssekretær Frølich Holte var spesielt invitert for å snakke om havpolitikken i Norge. Kursetgjerde utfordra statssekretæren spesielt på korleis konklusjonane frå det internasjonale havpanelet vil påverke Nordsjøregionen. 

-Vi veit at havet er løysninga på mange av verdas største utfordringar. Viss vi skal auke det vi haustar frå havet, må vi bli betre til å forvalte det og bruke konklusjonane frå havpanelet for ein berekraftig havøkonomi som rettleiing. Det viktigaste resultatet frå havpanelet er at alle landa er einige om at den rette måten å forvalte hava på er ei 100 prosent berekraftig forvalting, sa Frølich Holte.  

Regional leiing er nøkkelen

Nordsjøen er eit sterkt pressa havområde, omgjeve av folkerike område med mykje industri. Nordsjøkommisjonen arbeider for å styrke partnarskap mellom regionale myndigheiter som står ovanfor utfordringar og moglegheiter Nordsjøen byr på, som til dømes skipsfart, olje og gass vindkraft, fiskeri, havbruk, turisme og rekreasjon.

Erik Kursetgjerde peika på at både havpanelet og Nordsjøkommisjonen jobbar for å balansere ulike interesser til sjøs, samt utnytte den nyaste kunnskapen til å fremme berekraftig bruk og produktiv forvalting;

– Kan regionalt samarbeid vere ein del av løysinga i den globale havpolitikken, og er det ein idé at  staten og regionar går saman om felles løysingar og dele erfaringar på sine felt?, spurde Kursetgjerde.

-Ja, eit av dei store spørsmåla i den global havpolitikk er korleis ein skal strukturere samarbeidet. Regional basert leiing er nøkkelen i denne tilnærminga. Det sikrar engasjement frå lokale interessentar, og regionar er i denne samanhengen det rette nivået for handling og samarbeid, svara  Frølich Holte.

Hav-venar

Presset på havet aukar. Klimaendringar, overfiske og forureining er alle truslar mot det marine miljøet. Havpanelet har klart å oppnå semje om 74 spesifikke politiske anbefalingar som plastforureining, ulovleg fiske og finansiering av tiltak i havet i samarbeide med næringslivet, forsking og myndigheiter. Statssekretær Jens Frølich Holte avslutta presentasjonen med ei melding: «Vi treng hav-venar, Nordsjøkommisjonen er ein av dei».

Dette er Nordsjøkommisjonen

- ein av seks geografiske kommisjonar i «Conference of Peripheral Maritime Regions» (CPMR)
- samarbeidet har fire fokusgrupper som dekker dei gjensidige interessene til medlemsregionane; marine ressursar, transport, energi og klimaendringar og attraktive og berekraftige samfunn

Dette er Havpanelet

Norge er ein av verdas leiande havøkonomiar, og Norge har teke ei internasjonal rolle i globale havspørsmål. Statsminister Erna Solberg tok derfor initiativet til å opprette eit internasjonalt havpanel for ein berekraftig havøkonomi i 2018, havpanelet. Statssekretær Jens Frølich Holte har nyleg overteke stillinga som representanten til statsministerens i dette havpanelet.
 

Kontakt