Har du innspel til ny strategi for samferdselssektoren i Møre og Romsdal?

Fylkesstrategi for samferdsel 2021-2024 er lagt ut på høyring. Fylkesstrategien skal bli vedtatt av fylkestinget, og den vil vere førande for kva tiltak som blir gjennomført innanfor samferdselssektoren dei neste fire åra. 

Skriv ut

Strategien skal også ligge til grunn for samarbeid med kommunar og regionale statsetatar.

FN sine berekraftsmål ligg til gunn for strategien, som er inndelt på same måte som fylkesplana, i:

  • Samarbeidsfylket
  • Miljøfylket
  • Inkluderings- og kompetansefylket
  • Verdiskapingsfylket.

Under kvart område er det ulike satsingar for samferdselssektoren. Fylkesstrategien følgjer opp Fylkesplanen for berekraftfylket Møre og Romsdal i same periode.

Du finn høyringsdokumenta og meir informasjon på mrfylke.no/hoyringar

Kontakt