Halv million til omstillingsarbeid i Sykkylven

Møre og Romsdal fylkeskommune støttar Sykkylven kommune med 500 000 kroner til prosjekt som skal bidra til ein meir robust næringsstruktur.

Skriv ut

Kommunen får tilskot til eit forprosjekt som skal definere nye satsingsområde og planlegge målretta tiltak i lag med næringslivet.

-  Produksjonsmiljøet i Sykkylven er svært oppegåande, og vi skal utvikle dette vidare inn i framtida. Men bygda og næringslivet treng fleire bein å stå på, for å stå stødigare i neste krise. Det er nettopp desse utfordringane omstillingsprosjektet i kommunen no vil ta tak i, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar av kultur-, næring og folkehelseutvalet.

Einsidig næringsliv

Sykkylven har lenge vore rangert som ein av dei mest sårbare kommunane i landet  på grunn av eit einsidig næringsliv, der 32 prosent av dei sysselsette arbeider i møbelindustrien. Pilene har peika feil veg med utflagging av arbeidsplassar, nedgang i sysselsetting og auka utpendling.

Med koronakrisa vart sårbarheita ekstra tydeleg: Før påske hadde 22 prosent av arbeidsstyrken i kommunen søkt om dagpengar. Ekornes åleine sende varsel om permittering til 990 tilsette.

Nye samarbeidspartar

Forprosjektet som Sykkylven kommune har tatt initiativ til skal definere tydelege mål, finne nye satsingsområde og sjå på tiltak og nye samarbeidspartar, både lokalt og nasjonalt.

Det skal munne ut i ein omstillingsplan og ein handlingsplan med ein analyse av moglegheiter og utfordringar for næringslivet i Sykkylven i tida framover.

- Det kanskje alle viktigaste er å ta vare på den spisskompetansen som finst i bygda, så teste om den kan brukast på nye område. Utan å øydelegge det Sykkylvsbedriftene er gode på i dag, seier Krogsæter.

Kontakt:

Marit Nerås Krogsæter, Leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet (Sp), tlf: 918 32 844

Kontakt