Gulstripeaksjonen fekk Trafikktryggingsprisen på fylkestinget

Fylkestinget i Geiranger starta med at Gulstripeaksjonen ved Solvår Skogen Sæterbø mottok Trafikktryggingsprisen av fylkesordførar Jon Aasen. 

Skriv ut

Utdelinga med tale av fylkesordførar Jon Aasen og takkesong frå prisvinnarane vart filma. 

Derfor fekk dei prisen:

I grunngjevinga stod det at det har vore arbeidd politisk over lang tid både lokalt og regionalt med utbedring av strekninga E39 Betna-Stormyra. Enkelte strekningar har vorte utbedra , men totalprosjektet langs Vinjefjorden har stadig vorte utsett.

Aksjonen starta i 2017 blant eldsjeler og bebuarar i Halsa og Hemne kommune, som soknar til strekninga E 39 Betna-Stormyra.

For å sette søkelyset på utryggheita, og på den 26 km lange strekka med europaveg som var for smal til å ha gulstripe, vart det strikka gulstripe av denne engasjerte aksjonsgruppa. Dette er ein veg med aukande trafikk og altfor smal for tungbiltrafikk, og har gjort det svært trafikkfarleg å ferdast for mjuke trafikantar. Etter fleire vegplanperiodar med berre delvis finansiering, blei prosjektet fullfinansiert i Nasjonal Transportplan (NTP) for inneverande periode (2018-23). I samband med statsbudsjettet i 2019 vart det gitt ei oppstartsløyving.