Gode nyheiter for studentar i Møre og Romsdal – FRAM introduserer FRAM Student

For skoleåret 2020-2021 set FRAM i gong eit prøveprosjekt med billettproduktet FRAM Student – ein periodebillett for studentar opp til 30 år. FRAM Student vil koste 500 kronar for 30 dagar og gir fri reise på buss, hurtigbåt og ferje i Møre og Romsdal i skoleåret.

Skriv ut

Vilkåra for å kunne kjøpe FRAM Student er dei same som for studentrabatt elles, dvs. at den reisande må ha gyldig studentbevis og kvittering for betalt semesteravgift.

FRAM Student vil vere tilgjengeleg i FRAM-appen og for reisekort. Første moglege bruksdato er 17. august 2020.

- Eit rimeleg billettalternativ for studentar har vore etterspurt lenge, seier Stig Helle-Tautra, avdelingssjef for FRAM. Frå før har vi periodebilletten FRAM Ung som gjeld fram til du fyller 25 år, men no får og studentar mellom 25 og 30 år moglegheit til å reise kollektivt til ein rimeleg pris i heile Møre og Romsdal. Vi håper dette fører til at fleire studentar vel å reise kollektiv, avsluttar han.

FRAM Student vil i første omgang vere tilgjengeleg i en prøveperiode skoleåret 2020-2021. Det vil deretter bli ei evaluering for å vurdere om dette skal bli eit permanent tilbod.

Kontakt