Gir gass på breibandutbygging

Innan 2022 skal minst 90 prosent av husstandar og bedrifter i Møre og Romsdal ha tilgang til breiband med kapasitet på minst 100 Mbit/s. Og innan 2025 er målet full dekning.

Skriv ut

Dette var eitt av punkta som kultur-, næring- og folkehelseutvalet vedtok i møte 5. mai 2020.

-Ein velfungerande og framtidsretta digital infrastruktur i heile fylket er heilt avgjerande for å sikre busetjing, attraktivitet og næringsutvikling, seier leiar av utvalet, Marit Nerås Krogsæter.

Rekordhøg tildeling

I påska kom tildelinga av breibandtilskot for 2020 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Nasjonalt er det sett av rekordhøge 406 285 000 kroner, og av desse har Møre og Romsdal fått 27 021 197 kroner.

-Etter fleire år med ganske dårleg breibanddekning samanlikna med andre fylke, er Møre og Romsdal no eitt av fylka der tilbodet aukar mest. Dette er ei gledeleg utvikling, og vi må sikre at den tildelte ramma blir brukt mest mogleg effektivt, seier Krogsæter.

Områdefordeling klar i september

Formålet med den statlege støtteordninga er å sikre breibandsutbygging i område der det ikkje er lønnsamt med kommersiell utbygging. Vidare skal ordninga brukast i område som i dag har kapasitet på 30 Mbit/s eller mindre. Minst 25 prosent av kostnaden skal finansierast av lokale bidrag. Det er kommunane som vel ut område og søker om tilskot. Fylkeskommunen tilbyr hjelp i søknadsprosessen. I september blir det klart kva område som får midlar til breiband.

Område som fekk støtte i 2019 blir bygd ut no

Fylkeskommunen har nyleg gått ut med ein anbodskonkurranse, der vi på vegne av 10 kommunar ber om tilbod på utbygging av breiband til over 1500 husstandar og bedrifter. Dette er dei områda som fekk om lag 20 mill. kroner i offentleg støtte i 2019, pluss eit område som fekk støtte i 2018. Totalt vil dette gje nytt breiband til ein samla verdi på om lag 80 mill. kroner, ei investering som elles ikkje hadde blitt gjennomført.

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet behandla saka i møte 5. mai. Les heile saka her

Kontakt