Gav innspel til regjeringa sin småbystrategi

Måndag 22. mars møtte representantar frå Møre og Romsdal fylkeskommune kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup for å gi innspel til regjeringa sin strategi for småbyar som regionale kraftsenter.

Skriv ut

I arbeidet med strategien har regjeringa invitert regionale og lokale aktørar til digitalt innspelsmøte.

Frå fylkeskommunen deltok Ingunn Bekken Sjåholm, plansjef og Erik Brekken, kompetanse- og næringsdirektør, i møte med kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland. I tillegg deltok også ei rekke ordførarar, administrativ leiing og representantar frå næringsforum i Ulstein, Rauma, Kristiansund kommune.

- Ministrane ønskte å høyre kva som skal til for å gjere stader som Kristiansund, Åndalsnes og Ulsteinvik attraktive både for innbyggjarane og næringslivet. Kommunane formidla korleis dei jobbar for å skape levande sentrum som skal fungere som kraftsenter i sin region, sa Bekken Sjåholm.

I møtet trakk ho mellom anna fram fylkeskommunen sitt arbeid med tettstadprogrammet og byutviklingsprosjektet Byen som regional motor.

Regjeringa har også invitert til digitale innspelsmøte andre stadar i landet.

Snarvegar

Kontakt