Fylkesutvalet har møte i dag 27.januar

Møte i fylkesutvalet har starta opp. Utviding av prosjektet K651 Spjelkavik Arena, Oppgradering etter tunnelsikkerheitsforskrifta og vidare utgreiing av nytt ferjesamband Kjørsvikbugen - Laksåvika er mellom sakene utvalet skal behandle. 

  
Skriv ut

 

Møte startar med to orienteringar: 

- Status og prosjektplan for fase tre i prosjektet " Omstilling av organisasjonen Møre og Romsdal fylkeskommune mot 2020" v/ prosjektleiar Dag Lervik

- Status i arbeidet med Regional planstrategi v/ kst. fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm

 

Saker til behandling 

Du finn fullstendig møteinnkalling med saksframlegg her

SaksnrTittel (status i behandling av sakene vert lagt ut fortløpande)
U-1/20T 87/19 Omstilling 2020 - delprosjekt P5 Organisering og struktur for den offentlege tannhelsetenesta - oversendingsframlegg frå Terje Hals (NML)
Tilrådinga samrøystes vedteken
U-2/20T 108/19 Interpellasjon frå Frank Sve (FRP) om krav nedsetting av takstsoner på ferjeruta Volda-Lauvstad - oversendingsframlegg frå Frank Sve (FRP)
Tilrådinga samrøystes vedteken
U-3/20Gjennomføring av fylkestingssamlingane
Tilrådinga samrøystes vedteken
U-4/20

K651 Spjelkavik Arena - utviding av prosjektet basert på vedtak i Ålesund kommune
Tilrådinga samrøystes vedteken

U-5/20Strategikonferansen 2020 - innspel frå Møre og Romsdal fylkeskommune til KS
Tilrådinga vedteken med ei endring i pkt. 4.
U-6/20Konsultasjonsmøta våren 2020 - Bærekraftig økonomi i kommunar og fylkeskommunar
Kristin Sørheim (SP) fremma alternativt forslag til vedtak. Ved votering vart alternativt forslag til vedtak frå Sørheim samrøystes vedteken. 
U-7/20

Endring av budsjett for 2020
Frank Sve (Frp) fremma alternativt forslag til vedtak. Ved votering vart fylkeskommunedirektøren sitt forslag til vedtak, vedteke mot tre stemmer. 

U-8/20Oppgradering etter tunnelsikkerheitsforskrifta
Tilrådinga samrøystes vedteken
 
U-9/20Opphøyr av innkrevjing av bompengar ved Vågstrandtunnelen - tilslutning frå garantist
 Tilrådinga samrøystes vedteken
U-10/20Vidare utgreiing av nytt ferjesamband Kjørsvikbugen - Laksåvika
Tilrådinga vedteken
U-11/20Høyringsfråsegn til forslag om skjerpa utsleppsreglar for kloakk i norske farvatn
Tilrådinga samrøystes vedteken
 
U-12/20Eit kvotesystem for auke verdiskaping
Tilrådinga samrøystes vedteken
 
U-13/20NOU 2019:18 Skattlegging av havbruksverksemd
Tilrådinga vedteken med nytt pkt. 4 fremma av Kristin Sørheim m/fleire.
U-14/20Høyring - Regional planstrategi 2020 - 2024
Tilrådinga samrøystes vedteken
U-15/20Tilsetting/innplassering i stilling som kompetanse- og næringsdirektør
U-16/20Møreforsking - aksjekapital - saka er trekt

Referatsaker

SaksnrTittel
RS-1/20Prosess for innspel til Nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033
RS-2/20Ålesund kommune - lovlighetskontroll - bypakke Ålesund
RS-3/20Folkevaldopplæring

Kontakt