Fylkesutvalet har møte i dag 24. februar

Bruk av midlar til tunnelsikring i 2020, disponering av overskytande midlar frå Eiksundsambandet og Ålesundregionen - regional plan for areal-, transport- og klima (PAKT) - vedtak om planprogram, er nokre av sakene som fylkesutvalet skal behandle. 

 

 

Skriv ut

Møtet startar med ei orientering av status i oppgåveoverføringa frå Statens vegvesen, ved assisterande samferdselsdirektør Magne Vinje.

Saker til behandling

SaksnrTittel (status i behandling av sakene vert lagt ut fortløpande)
U-17/20Bruk av midlar til tunnelsikring i 2020
Frank Sve (FRP) fremma forslag til nytt pkt.2. Det vart votert punktvis. Punkt 1 og 3 vart samrøystes vedteke. Ved votering av pkt 2., vart fylkeskommunedirektøren sitt framlegg vedteke mot tre stemmer (FRP)  
U-18/20Disponering av overskytande midlar frå Eiksundsambandet
Fylkesutvalet fremma forslag til eit pkt. 2. Tilrådinga vart samrøystes vedteken med eit nytt pkt. 2. 
U-19/20Overføring av kontraktsansvaret for flyruter i Møre og Romsdal
Tilrådinga samrøystes vedteken
U-20/20Ålesundregionen - regional plan for areal-, transport- og klima (PAKT) - vedtak om planprogram
Tilrådinga samrøystes vedteken. Oversendingsforslag som skal følge saka frå Randi Walderhaug Frisvoll (KRF) vart samrøystes vedteke. 
U-21/20Innspel til "Nullutslippsløsninger for ikke-elektrifiserte baner (NULLFIB)"
Tilrådinga samrøystes vedteken
U-22/20Høyring - forslag til program for konsekvensutgreiing for Ormen Lange fase 3
Carl Johansen (MDG) fremma forslag til ny tekst første avsnitt, vidare nytt punkt til konsekvensutgreiinga. Det vart votert punktvis. Innstillinga frå fylkeskommunedirektøren vart vedteke mot to stemmer. Nytt punkt til konsekvensutgreiinga vedteke mot tre stemmer.  
U-23/20    Høyring av ny strategi for Nordsjøen - North Sea Region 2030
Tilrådinga samrøystes vedteken
 
U-24/20Scenario 2030 - ønska retning for utvikling av reiselivsnæringa på Vestlandet fram mot år 2030
Carl Johansen (MDG) fremma forslag til tillegg i pkt. 2 og eit  nytt pkt. 3. Det vart votert punktvis. Tilrådinga samrøystes vedteke med eit tillegg i pkt. to, og nytt pkt. 3. 
U-25/20Høyringsuttale - forslag til endringar i sameloven mv (konsultasjonar) og konsultasjonsrettleiar
U-26/20Uttale - regionreform og ansvars- og oppgåvefordeling på kulturområdet
Kristin Sørheim (SP) med fleire fremma forslag om nytt pkt. 12. Tilrådinga vedteke mot tre stemmer (FRP). Nytt forslag pkt. vedteke mot tre stemmer (FRP)
U-27/20Orientering om prioritering for kulturminneforvaltninga 2020
Anders Riise (H) fremma forslag om eit tillegg i vedtaket. Tilrådinga vart samrøystes vedteken. Tillegg vart samrøystes vedteken. 
 

U-28/20

U-29/20

U-30/20

Val av representant til regional rovviltnemnd 2019-2023 - innstilling av ny kandidat
Tove-Lise Torve (Ap) fremma forslag om Kristin Sørheim (SP). Forslaget vart samrøystes vedteke.

Avhending fiskerihamn Ulsteinvik
Frank Sve (FRP) fremma alternativt forslag til vedtak. Ved votering fall fylkeskommunedirektøren si innstilling. Forslaget frå Frank Sve (FRP) vart samrøystes vedteke. 

Miljøpålegg ved verft i Møre og Romsdal    
Tilrådinga samrøystes vedteken.

U-31/20Endring i Kystruten sin seilingsplan - invitasjon til høyring
Kristin Sørheim (SP) m/fleire fremma nytt forslag til pkt. 2. Det vart votert punktvis pkt. 1 og 3 vart samrøystes vedteke som innstillinga. Nytt forslag til pkt. 2 vart samrøystes vedteke. 

Du finn møtepapira og fullstendig innkalling i møtekalenderen

.

Kontakt