Fylkestinget vedtok strategi for kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Eit viktig mål i strategien er at åtte av ti elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring innan 2024. Andre mål er tettare oppfølging av elevar og lærlingar, fokus på  læringsmiljø og resultat.

Skriv ut

Fylkesstrategi for kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2020-2024 blei diskutert – og vedtatt i fylkestinget 16. juni.

Strategien vekte engasjement, og mange uttrykte bekymring for lærlingane som står i fare for å ikkje få læreplass og fullført utdanning på grunn av covid 19. Andre meinte strategien ikkje tok opp i seg erfaringane med digital undervisning som elevar i fylket har hatt det siste halvåret, eller sakna meir fokus på minoritetsspråklege. Fleire meinte det var positivt at høyringssvar frå mobbeombodet, der ho påpeiker kor viktig det er å jobbe med overgangen mellom ungdomsskole og vidaregåande særleg for sårbare elevar, var bakt inn i strategien.

Jobbar for betre kvalitet

Målet med strategien er å betre kvaliteten i vidaregåande opplæring, og den vil bli evaluert kvart år i kvalitetsmeldinga som blir lagt fram for fylkestinget.

Strategien er delt inn i fire hovudområde: læringsmiljø, læringsresultat, gjennomføring, leiing og profesjonsutvikling. Områda har ulike målsettingar, område og indikatorar for å måle kvalitet.

Kvalitetsindikatorane som blir brukt tar mellom anna utgangspunkt i resultat frå brukarundersøkingane for elevar, lærlingar, lærebedrifter og personalet.

Den nye fylkesstrategien har også tatt opp i seg dei sentrale endringane som vil prege utdanningssektoren, som Kunnskapsløftet 2020, med ny overordna del av læreplanverket, fagfornyinga, ny struktur for yrkesfaga og digitaliseringsstrategien «Framtid, fornying og digitalisering».

Den vedtatte strategien skal danne grunnlag for skolane sine handlingsplanar.

Dokumenter

Kontakt