Fylkestinget vedtok å etablere 40 fylkeskommunale stillingar i felles fagmiljø i Kristiansund

Fylkestinget sitt vedtak måndag sikrar framdrifta for etablering av arbeidsplassar i Kristiansund, der dei støttar fylkeskommunedirektøren sitt ønske om å etablere fagmiljø i Kristiansund frå hausten 2020. 

Skriv ut

Vil etablere eit fagmiljø rundt Campus Kristiansund 

Frå januar 2020 vart arbeidet med å etablere eit fagmiljø i Kristiansund starta opp: 

-ein prosess med mål om å samle funksjonar i storleiken 40 arbeidsplassar til Kristiansund i perioden fram til ny campus står ferdig i 2023  

-arbeid med å finne egna lokalitetar med tilstrekkeleg funksjonalitet og planløysingar  

-kartlegge behov for arbeidspakkar knytt til IT-utstyr, videokonferanseutstyr og møteskjermar  

-kartlegge behov for arbeidspakkar knytt til kontorutstyr og møteromsfasilitetar 

Fagområda skal ha nær kopling til definerte aktørar ved Campus for å fremje synergiar mellom våre og andre sine miljø, og har som overordna mål å fremme utvikling i heile fylket inn mot ei ny tid. Det er forventa at eit slikt miljø vil kunne gi ekstra synergiar for Nordmøre.   

Første byggetrinn ved Campus Kristiansund er venta å vere ferdig i 2023. Campus Kristiansund vil romme fleire sentrale kompetanseinstitusjonar knytt til blant anna høgare utdanning, forsking og innovasjon. Andre aktørar har også meldt at dei vil leggje delar av si verksemda  si til campus. 

Saman med berekraftsmåla, er teknologiutvikling og digitalisering løfta fram som sentrale område i tillegg til felles innovasjonsmiljø og satsing på blant anna biomarine næringar. Fylkeskommunen ønskjer å støtte opp under denne satsinga, samt vere representert med sine fagområde i dette miljøet.  

Etableringa vil ikkje gi store konsekvensar for tilsette 

Kartlegginga av stillingar viser at etablering av arbeidsplassar i Kristiansund kan skje utan store konsekvensar for enkeltmedarbeidarar.  

Innanfor fagområda samferdsel, kultur og stabseiningane er det så langt i prosessen estimert:  

  • 18 (20) vakante stillingar som kan lysast ut  
  • 12 stillingar som i dag er lokalisert i Kristiansund, bør samlast i ny lokasjon for å bli ein del av eit breiare fagmiljø  
  • 5 stillingar knytt til fagmiljø som har delt arbeidsstad eller har sin arbeidsstad i Molde, men som ønskjer flytte arbeidsstaden sin til Kristiansund 

Med dei grepa som fylkeskommunen har gjort, vil det vere om lag 35 stillingar som relativt raskt kan flytte inn i nye lokalitetar i Kristiansund. I tillegg er det kartlagt stillingar som ikkje er knytt til Kristiansund i dag, men ut frå mål og faglege kriterium passar inn i miljøet som skal skapast der. Her vil det vere om lag 5-6 stillingar som gradvis kan flyttast til Kristiansund i løpet av perioden, i alt 40 stillingar totalt. Utover ovannemnde er det ønskjeleg å kunne legge til rette for fleksible bookings-løysningar som skal kunne nyttast av andre fylkeskommunalt tilsette. 

Du kan lese heile saka i den politiske møtekalenderen