Fylkestinget har valt å ikkje innføre einerett på drosjetransport

I desember behandla fylkestinget saka om vurdering av behovet for å tildele einerett for drosjetransport.

Skriv ut

Fylkestinget vedtok følgande:

1. Fylkestinget støttar fylkesrådmannen si vurdering om ikkje å innføre einerettar på drosjetransport no.

2. Fylkestinget ber rådmannen komme tilbake med ei vurdering av situasjonen etter eitt år. Dersom det da har vist seg at det er behov for einerettar i somme distrikt, ber fylkestinget om at forskrift for slik tildeling blir lagt fram for fylkestinget for godkjenning.

3. Fylkestinget ber fylkesrådmannen om å utrede miljøkrav for drosjetransport i enkelte kommunar i Møre og Romsdal.

Du finn heile saksframlegget med vedlegg og protokoll her

Fakta:

Kva betyr einerett?

Ved tildeling av einerett for drosjeløyve gir ein fylkeskommune eitt, eller fleire, selskap moglegheit til å køyre drosje i ein kommune.