Fylkestinget har møte 15.- 16. juni

Fylkestinget skal mellom anna behandle desse sakene: strategi og rammer for arbeidet med økonomiplan 2021 - 2024, Nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033 og fylkesstrategi for kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2020-2024. Møtet opnar med presentasjon av ungdomspanelet sin årsrapport og fylkesordføraren sin tale.

Skriv ut

Tid: 15.-16. juni 2020, kl.10.00
Møte: Digitalt møte / Møterom 102
Media og andre kan følge møtet via streaming på mrfylke.no/streaming.

Saker som blir behandla:
T 34/20 Statusmelding - Oppfølging av tidlegare forvaltningsrevisjonar, statlege tilsyn og andre undersøkingar
T 35/20 Rapport frå undersøking av Norsk digital læringsarena (NDLA)
T 36/20 Rapport frå undersøking av "Prosjektstyring i investeringsprosjektet Nordøyvegen"
T 37/20 Rapport frå kontroll med finans- og gjeldsforvaltninga i 2019
T 38/20 Rapport frå undersøking av eigarskapsforvaltninga av Vigo IKS
T 39/20 Møreforsking AS - aksjekapital
T 40/20 Kjøp av byggfaghall ved Fræna vgs
T 41/20 Økonomirapportering per 1. tertial 2020
T 42/20 Strategi og rammer for arbeidet med økonomiplan 2021 - 2024
T 43/20 Fylkesstrategi for kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2020-2024
T 44/20 Ordensreglement for elevane ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal
T 45/20 Ny selskapsavtale VIGO IKS
T 46/20 Endring til kjønnsnøytral stillingstittel for leiar av fylkeskommunen sin administrasjon
T 47/20 Regional planstrategi Møre og Romsdal 2020 - 2024
T 48/20 Intensjonsavtale Sørsida i Ålesund
T 49/20 Nerlandsøybrua - Orientering om status
T 50/20 Prinsipp for fastsetting av ferjemidlar i sjølvfinansierande prosjekt
T 51/20 Revisjon av rammeplan for avkøyrslar og innføring av differensierte byggegrenser
T 52/20 DTK Sykkylven - lokalisering av ny klinikk
T 53/20 Nasjonal transportplan 2022-2033. Prioriteringar i Møre og Romsdal
T 54/20 Høyring på transportetatene sine svar på oppdrag til Nasjonal transportplan 2022-2033
T 55/20 Kravspesifikasjon for anskaffing av fylkesvegferjesamband Utasunds og Brattvåg – Dryna  Ikkje offentleg: Offl § 23 1. ledd, Fvl §13
T 56/20 Interpellasjon frå Silje Alise Ness (R) om vindkraftutbygginga på Haramsfjella
T 57/20 Interpellasjon frå Frank Sve (FRP) om tannklinikken i Stranda
T 58/20 Interpellasjon frå Yvonne Wold (SV) om behov for forskning

På møteplan 2020 finn du sakspapira til møtet