Fylkesprisen Årets Bedrift går til Aas Mek. Verksted AS

-Det er veldig fint å bli sett og verdsett for det vi driv med og har bygd opp over mange år, seier dagleg leiar Halvard Aas.

Skriv ut

Den tradisjonsrike Vestnesbedrifta bygger brønnbåtar og har hand om alt frå design og konstruksjon til service og vedlikehald. Bedrifta er opptatt av rekruttere lokalt og har om lag 60 - 70 tilsette. Det ligg også i strategien å utvikle bedrifta og båtane i lag med oppdrettsnæringa og lokale firma.

-Det har vist seg å vere ein god strategi, for aktiviteten for oss har aldri vore stå stor som no, seier ein glad Aas.

Det var fylkespolitikarane v/kultur- næring og folkehelseutvalet som behandla saka i møte tysdag 10. mars.

«Verftsindustrien er ein internasjonal bransje, kor mange båtar blir bygd på utanlandske hender til låg pris. Det er derfor imponerande at ein lokal båtbyggjar blir valt som ein sentral leverandør til dei som er alle fremst innan sitt felt», heiter det mellom anna i grunngjevinga.

Om prisen

Fylkesprisen Årets Bedrift skal gå til ei bedrift som på ein eller fleire måtar har utmerka seg. Prisen skal bidra til å motivere og inspirere næringslivsleiarar i fylket til innsats for samfunnet.Prisen blir delt ut under møtet i fylkestinget i april.

Tidlegare vinnarar (10 siste år)

2018: Pipelife Norge, Surnadal kommune

2017: Volda Maskin AS, Volda kommune

2016: Tingvollost AS, Tingvoll kommune

2015: Slettvoll, Møbler AS, Stranda kommune

2014: Ulmatec Pyro AS, Haram kommune

2013: Rindalslist AS, Rindal kommune

2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune

2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune

2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune

2009: Saferoad AS, Ørsta kommune

 

Kontakt