Fylkesordføraren inviterer til kraftdialog

Næringslivet og kommunar på Nordmøre og i Romsdal må ha tilgang på nok kraft. Korleis skal vi løyse desse utfordringane på kort og lang sikt?

Skriv ut

Manglande krafttilgang kan hemme næringsutviklinga. Statnett, som er ansvarleg for transmisjonsnettet i Noreg, ser at det framtidige behovet for kraft overgår dagens nettkapasitet.

-Det er viktig at kommunar, næringsaktørar og myndigheiter blir inkludert i prosessen. Fylkeskommunen inviterer derfor kommunar, nærings- og energiselskap på Nordmøre og i Romsdal til dialogmøte, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve.

Statnett blir også med på møtet for å orientere om kva tiltak dei har planlagt, og svare på spørsmål. I tillegg vil Nordmøre Regionråd, Romsdal Regionråd, NEAS nett og Istad nett orientere om utviklingsplanar og utfordringar.

 Møtet skal vere på Grand Hotel i Kristiansund torsdag 12. mars. Gå inn på mrfylke.no og meld deg på (kalender). Møtet er gratis

Kontakt