Fylkeskommunen sitt årsrekneskap for 2019 er no klart

Møre og Romsdal fylkeskommune har i 2019 eit positivt netto driftsresultat på 313,5 mill. kroner, 5,6%. Dette 273 mill. kroner betre enn budsjettert.

Skriv ut

Bakgrunnen for det positive driftsresultatet er i hovudsak følgjande:

Tunnelsikringsmidlar  - 61 mill. kroner

Med bakgrunn i ein feil i berekninga av rammetilskotet i Statsbudsjettet for 2020, var fylkeskommunen ikkje tildelt tunnelsikringsmidlar. Staten korrigerte feilen ved å tildele fylkeskommunen ekstra skjønsmidlar i desember 2019. Dette er i realiteten ein del av rammetilskotet for 2020, men inntektsført i 2019 etter som midlane då vart overført. Dette er ein eingongseffekt. 

Meirinntekt på finansområdet – 20 mill. kroner

Fylkeskommunen har ei meirinntekt på finansområdet i forhold til budsjettert på 20,3 mill. kroner. Dette er i hovudsak renteinntekter frå bankinnskot og fondsavkastning. Både renter og fondsavkastning vil variere frå år til år.

Reservepost -  20 mill. kroner

Lønnsoppgjeret vart 14,4 mill. kroner, og reguleringspremien til KLP vart om lag 4,1 mill. kroner lågare enn budsjettet i 2019. I tillegg stod det att 1 mill. kroner på fylkesutvalet sin reservepost.

Netto avsetning til fond – 18 mill. kroner

Det er avsett netto vel 18 mill. kroner meir til bunde fond enn budsjettert.  

Mindreforbruk i drifta – 35 mill. kroner

Med bakgrunn i budsjettreglementet har avdelingane med seg eit akkumulert mindreforbruk på 53,65 mill. kroner frå 2018. Ved å levere betre enn budsjettert I 2019, aukar det akkumulerte mindreforbruket med 35 mill. kroner til 88,7 mill. kroner, 2,3 % av netto driftsrekneskap.

Auka skatteinntekter – 56 mill. kroner

Skatteinntektene vart 56 mill. kroner høgare enn budsjettert. For Møre og Romsdal fylkeskommune var veksten i skatteinntektene frå 2018 til 2019 5,7 %. Landsgjennomsnittet var på 5,1 %. I fylkestinget i oktober vart det gitt ei prognose på 40 mill. kroner høgare enn budsjettert, men det vart då ikkje gjort ei korrigert budsjettjustering.

Fylkeskommunen står framfor store økonomiske utfordringar frå 2020 og framover med mellom anna store investeringar på veg, vedlikehaldsetterslep både på veg og bygg, tunnelsikring og elektrifisering av ferjene. Det positive driftsresultat for 2019 vil vere med å bidra til å møte den store kostnadsveksten i åra som kjem.

Fylkestinget har no fått oversendt årsrekneskapen for 2019 med eit notat frå fylkeskommunedirektøren til fylkesordføraren. Saka om resultatvurdering av årsrekneskapen for 2019 vert sendt til politisk behandling i midten av mars.

 

Dokumenter

Kontakt