Fylkeskommunen sine tiltak og råd for å avgrense smitte i vidaregåande skole

Fylkeskommunen har i dag gått ut med informasjon til elevar og føresette på dei vidaregåande skolane: 

Skriv ut

Dersom du føler deg sjuk, bør du halde deg heime. Dersom du kan vere utsett for smitte med koronavirus og har symptom som hoste, feber eller er kortpusta, ta kontakt med fastlegen din på telefon. Dersom du ikkje får tak i fastlegen, ring legevakt på 116117. Ved fare for liv og helse, ring 113.

Fylkeskommunen har sett inn tiltak

Skolane er i kontakt med smitteoverlegane i dei ulike kommunane, og skoleeigar (fylkeskommunen) har tett dialog med alle sine skolar om situasjonen. Vi har også kontakt med fylkeslegen.

Skole og undervisning blir inntil vidare gjennomført, i tråd med nasjonale retningslinjer frå FHI.

Det er helsemyndigheitene i kommunen som kan bestemme om ein skole bør bli stengt midlertidig som følge av koronaviruset. Sjølv om ein skole blir stengt, kan elevar og lærarar kommunisere med kvarandre via digitale læringsplattformer.

Eigenmelding

Fordi helsevesenet må prioritere andre oppgåver på grunn av koronaviruset, vil elevar som har fråvær av helsegrunnar sleppe å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet ut skoleåret 19/20. Eigenmelding er no gyldig dokumentasjon ved sjukefråvær. Er eleven under 18 år, skriv føresette eigenmelding. Er eleven over 18 skriv ho eller han den sjølv. Ved karantene kan eleven jobbe heimanfrå og dermed sleppe registrert fråvær.

Ved mistanke om Koronavirus må du ikkje gå på skolen, men ringe lege for råd. Du må også informere skolen.

Reiser

Mange lurer på om dei kan reise på planlagde turar, og her kan både internasjonale, nasjonale og lokale anbefalingar endre seg fort. FHI har ikkje gått ut med eit generelt reiseforbod, men vi veit at reising medfører auka risiko både for å bli smitta og spreiing av smitte. Derfor har Møre og Romsdal fylkeskommune inntil vidare bestemt:

Sist veke vart det innført reisestopp for alle utanlandsreiser for elevar og tilsette. Dette betyr mellom anna at skoleturar dessverre må avlysast så lenge forbodet varer.
Alle tilsette og elevar som har vore og no kjem heim frå utlandet, skal halde seg heime i 14 dagar. I denne perioden skal tilsette, skal så langt det er mogeleg, arbeide heimanfrå og elevar få tilrettelagt undervisning. 

Hygiene

Det er hengt opp plakatar om god hoste- og håndhygiene.
Det er sett ut antibakteriell handreins på strategiske stadar.
Eksamen
Dersom skoleeigar må avlyse eksamen i mai og juni 2020 på grunn av korona-viruset, vil elevane likevel få vitnemål. 
Det vil vere opp til kvar skoleeigar å vurdere om ein har tilstrekkeleg grunnlag for å sette standpunktkarakter. Skolen kan bruke både det eleven har vist i opplæringa fram til no, og eventuelt heimearbeid som grunnlag for å vurdere eleven. Dette gjeld både ved langvarig karantene og ved stengte skoler.

Andre tiltak
  • Større arrangement blir avlyst. Dette gjeld også deltaking på eksterne arrangement, der det er tenkt at tilsette og elevar skal delta.
  • Vi hjelper skolane å lage planar for å løyse situasjonen dersom mange tilsette blir sjuke samtidig.
  • Skolane planlegg og legg til rette for at elevar som er i karantene kan jobbe heimanfrå