–Fylkeskommunen si etablering vil gi regionen eit løft

Denne veka var det offisiell markering av at fylkeskommunen er etablert med 40 arbeidsplassar i Fylkeshuset i Kristiansund. Målet er å auke med 30 arbeidsplassar til, før innflytting i Campus Kristiansund i 2024.

Skriv ut

Fylkesordførar Tove-Lise Torve stod for den offisielle opninga. Ho seier at målet er å planlegge for enda fleire fylkeskommunale arbeidsplassar ved Campus Kristiansund fram til det står ferdig. – Både campusprosjektet og det nye opera- og kulturhuset vil gi byen og heile regionen eit nytt og stort løft, sa Torve.

Ordførar Kjell Neergaard var positiv til etableringa, og sa det var eit løft for byen og resten av Nordmøre. Han skrytte av samarbeidet som kommunen og fylkeskommunen hadde hatt i tida hans som ordførar.

Neste helsing kom frå Asgeir Bahre Hansen i innovasjonsselskapet Vindel. Vindel er også lokalisert i Fosnagata 13, i 5. etasje. Fram til  2. etasje var klar for innflytting,  var det fleire i fylkeskommunen som hadde kontor i 5. etasje. – Det var veldig positivt å ha fylkeskommunen som leietakarar, og vi håpar at den gode samhandlinga vil fortsette, sjølv om vi no sitt i forskjellige etasjar, sa Bahre Hansen. 

Prosjektleiar for Campus Kristiansund, Roland Mauseth la fram ein status for etableringa av Campus Kristiansund, etterfølgt av bygg- og eigedomssjef Per Olaf Brækkan som tok alle med på ein virtuell rundtur inne i det nye Campus-bygget.

Etter planen skal bygginga av campusbygget starte på nyåret 2022.  

Fylkeskommunen si etablering i Fosnagata 13:

  • Fylkeskommunen er etablert med 40 arbeidsplassar i andre etasje i Fosnagata 13.
  • I eit og same kontorfelleskap er alle dei tyngste fagområda til fylkeskommunen representert: samferdsel, kultur, bygg- og eigedom, kompetanse og næring, i tillegg til stabsfunksjonar som IT og kommunikasjon.
  • I same bygget finn vi også distriktstannklinikken i Kristiansund.
  • I 2024 skal både arbeidsfellesskapet i 2. etasje, tannhelseklinikken og fagskolen i inn i det nye campusbygget.

Campus Kristiansund:

  • Campus Kristiansund (CKSU) er eit prosjekt for å etablere ein campus for høgare utdanning, forskning og innovasjon i Kristiansund sentrum.
  • CKSU vil innehalde høgskoletilbod, fagskole, vekstmiljø for næringslivet og forskingsmiljø.
  • Campus Kristiansund er eit samarbeid mellom Høgskolen i Molde, Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.