Fylkeskommunen lyser ut idrettsstipend

Er du mellom 16-23 år og gjer det bra i paraidrett eller idretten din? Då kan du kanskje søke på idrettsstipend. Klubbar som har eit høgt aktivitetsnivå og god drift kan og søke om stipend. Fristen er 15. april.

Skriv ut

–Møre og Romsdal fylkeskommune si ordning med idrettsstipend skal gi inspirasjon og motivasjon for enkeltutøvarar til å utvikle seg vidare i paraidretten og idretten sin, seier Therese Thue Hvattum rådgivar i fylkeskommunen.

Individuelt stipend

Stipenda som går til utøvarane er på 50 000 kroner kvar, og skal gå til ein kvinneleg og ein mannleg utøvar innan paraidrett og idrett i alderen 16-23 år. Alle som oppfyller kriteriuma kan søke.

Klubbstipend

Når det gjeld idrettsstipend til klubb, ønsker Møre og Romsdal fylkeskommune å gi inspirasjon og motivasjon til ein klubb for å utvikle klubben vidare med god drift og høgt aktivitetsnivå. Det er mange klubbar som gjer ein god jobb og som fortener støtte. Stipendet til klubb er på 50 000 kroner.

Søknadsfristen er 15.april 2020

Du finn meir informasjon om retningslinjene for stipenda og søknadsskjema under tilskot, prisar og stipend på mrfylke.no.

Desse fekk stipend i 2019

I 2019 vart stipenda tildelt to unge talentfulle utøvarar, Birte Franck-Petersen (18) frå Ålesund Friidrett og Gaute Skar-Hovde (16) frå Molde Bowlingklubb. IL Braatt fekk tildelt klubbstipend.

–Vi oppmodar søkarar som kan vere aktuelle kandidatar om å søke. Kjenner du nokon som kan vere aktuell,  inspirer dei til å søke! Vi har mange flott kandidatar i fylket som fortene å bli sett, seier Hvattum.

Snarvegar

Kontakt