Fylkeskommunen kjøper byggfaghallen ved Fræna VGS

Hallen skal brukast som avlastningslokale for utdanningsprogrammet Teknikk og industriell produksjon.

Skriv ut

Byggfaghallen vart bygd av Fræna kommune (no Hustadvika kommune) i 2007/08.  Den har blitt leigd ut til Møre og Romsdal Fylkeskommune og brukt av Bygg og anleggsteknikk ved Fræna vidaregåande skole.

På grunn av låge søkartal vart det vedtatt å legge ned linja og flytte den til Romsdal vidaregåande.

No har fylkestinget vedtatt å kjøpe hallen for 4,8 mill. kroner, og bruke den til som avlastningslokale for utdanningsprogrammet Teknikk og industriell produksjon.

Det er rekna ut at investeringar til nytt bygg for TIP ville vore på 16,3 mill. kr.

Kontakt