Fylkeskommunen kjem med tiltakspakke for næringslivet

Næringslivet i Møre og Romsdal er i ein vanskeleg situasjon på grunn av koronapandemien, og det hastar med å sette inn tiltak for å halde hjula i gang, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve. Ho har bedt fylkeskommunedirektøren om å utarbeide forslag til ein tiltakspakke.

Skriv ut

-Sjølv om fylkeskommunen allereie bidreg til næringslivet gjennom kontraktar for drift og vedlikehald av vegnettet, og store prosjekt som Nordøyvegen, treng vi fleire tiltak for å stimulere verdiskapinga framover, seier Torve. 

Tiltak på fleire område

Med bakgrunn i fylkeskommunens rolle som regional utviklingsaktør, må fylkeskommunen bidra til meir aktivitet i den krevjande situasjonen næringslivet er i, seier Torve. Ho viser til at fylkeskommunen har moglegheit til å sette i gong ei rekkje prosjekt og tiltak som vil komme lokalt næringsliv til gode.

-Det er særleg innan tre område vi kan sette raskt i gong, seier fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik. Det er innan bygningsvedlikehald, samferdsel og næringsutvikling, og arbeidet for å sette saman ein god tiltakspakke er no i sluttfasen, seier Guttelvik. 

-Like over påske går vi ut med anbod på rassikringsprosjektet Korsmyra – Indreeide, og prosjektet til fleire hundre millionar vil kunne starte opp tidleg i haust, seier fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik. 

Uroa for den eksportretta industrien

Fylkesordføraren er særleg uroa for utfordringane den eksportretta industrien står overfor i Møre og Romsdal.  
–Det er avgjerande at den maritime industrien kjem seg gjennom krisa, og vi arbeider no for å løfte fram dette nasjonalt med forslag til målretta tiltak, seier Torve.

-Fylkeskommunedirektøren har varsla at forslaget til tiltakspakke er klar på fredag. Då blir saka sendt til politisk behandling. Først i fylkesutvalet på tysdag og deretter i fylkestinget 20.-21. april, avsluttar fylkesordførar Torve.
 

Kontakt