Fylkeskommunen gir 3 millionar kroner i støtte til Tingvoll økopark

Pengane skal bidra til å sikre vidare drift for kunnskaps- og opplevingssenteret på Nordmøre.

Skriv ut

I dag vedtok Kultur-, næring- og folkehelseutvalet å  gi tilskot til Tingvoll Økopark på inntil 3 mill. kroner for perioden 2019-2021.

Berekraftige opplevingar

Senteret opna på Tingvoll Gard i Tingvoll i juli 2017 og har hatt som mål om å tilby kunnskap og opplevingar innan mellom anna økologisk landbruk, mat og matkvalitet, dyrevelferd, villmarksliv og sol og bioenergi, med berekraftig utvikling som fellesnemnar.

Om lag 45 tilsette har i dag sin arbeidsplass i ulike bedrifter og institusjonar lokalisert på økoparken, mellom anna Norsk senter for økologisk landbruk og NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi).

Auke aktivitetsnivået

Dei første driftsåra har inntektene frå billettsal og kafedrift vore for låge til å forsvare driftskostnadane. Styret søkte derfor fylkeskommunen og kommunen om støtte til å dekke faste kostnader, mellom anna til å auke aktivitetsnivået og marknadsføring.

I saksutgreiinga heiter det at ‘...det er ingen tvil om at kompetansemiljøet og fasilitetane på Tingvoll gard har kvalitetar som kan hevde seg i ein veksande marknad for kunnskapsbaserte opplevingar.

(...) For å overleve ein pressa likviditet må jobb nummer ein vere å skape aktivitetar som skaffar besøk og dermed inntekter til Økoparken.’

Tilskotet skal nyttast til dagleg leiing, utviklingsarbeid og aktivitet som skaper inntekter, slik at Tingvoll Økopark ved utgangen av prosjektperioden har ein økonomi som sikrar vidare drift.

Kontakt