Fylkeskommunen er i full gang med å etablere kompetansemiljø i Kristiansund

Møre og Romsdal fylkeskommune har no lyst ut åtte stillingar, i det som skal bli eit nytt og spanande kompetansemiljø på Campus Kristiansund. Fleire stillingar vil bli lyst ut framover.  

Skriv ut

– Vi jobbar no for samle dei stillingane vi allereie har i Kristiansund til eit kompetanesmiljø.  Vi skal mellom anna flytte Fram kundesenter og prosjektleiinga i Campusprosjektet. Det vart også rekruttert fleire nye medarbeidarar i fjor, som i dag sitt på ulike stader i Kristiansund. Desse vil bli flytta over så snart dei nye lokala er på plass. Seinare vil miljøet bli flytta over i  Campus Kristiansund, når det står ferdig i 2023, seier prosjektleiar Monica Kjøl Tornes.  

Ei eiga prosjektgruppe jobbar no med å få på plass dette. Målet er å legge til rette for gode arenaer der dei ulike fagområda dreg nytte av kvarandre. 

Fleire nye stillingar blir lyst ut framover 

Fylkeskommunen har fleire ulike stillingar som allereie er lyst ut, og det kjem fleire i løpet av mai og juni.  

Innafor samferdsel er det lyst ut tre stillingar knytt til plan og trafikkseksjonen ved fylkesvegavdelinga. Dette er to stillingar som geodataforvaltarar og ei stilling som planprosjektleiar, desse har relativt kort søknadsfrist. Vidare blir det lyst ut tre nye stillingar til innan samferdselsområdet i løpet av denne veka.  

På utdanningsområdet er det også lyst ut ei stilling innanfor fagområdet opplæring i bedrift. På stabsrområdet lyser vi no ut ei nyoppretta stilling som skal bidra til å samordne initiativ i arbeidet med «Berekraftfylket Møre og Romsdal».  

– Vi håpar no at utlysingane våre blir godt kjent, slik at vi lykkast med få på plass gode kandidatar til desse jobbane, avsluttar Kjøl Tornes.  

Oversikt over ledige stillingar finn du på mrfylke.no/jobb 

Om satsinga

Campus Kristiansund er eit prosjekt for å etablere ein campus for høgare utdanning, forsking og innovasjon i Kristiansund sentrum. Det skal innehalde høgskoletilbod, fagskole, vekstmiljø for næringslivet og forskingsmiljø. 

Fram til Campus står ferdig i 2023 skal fylkeskommunen samle 40 arbeidsplassar i Kristiansund, som skal vere ein del av miljøet i Campus Kristiansund.  

Bakgrunnen er at fylkestinget har vedtatt at vi skal skape utvikling i heile fylket med fleire ansvarsområde og nye arbeidsplassar. 

Det blir no arbeidd med finne egna mellombelse lokalitetar, og ei kartlegging av kva for stillingar som skal vere lokalisert i Kristiansund. 

Det vil bli lyst ut fleire nye stillingar frå og med våren 2020.  

Snarvegar

Kontakt