Fylkeskommunen bidrar til grøn jobbskaping gjennom internasjonalt prosjekt

Møre og Romsdal fylkeskommune deltek i EØS-prosjektet YENESIS der målet er å forebygge og redusere arbeidsløyse blant unge ved å utvikle kompetansen på entreprenørskap og grøne jobbar. Prosjektet er eit samarbeid mellom ti partnarar frå åtte land. Nyleg var partnarane samla på Åndalsnes til prosjektmøte, og til våren kjem 84 ungdommar hit på studiebesøk.

Skriv ut

-Kvifor er  Møre og Romsdal med i dette prosjektet?

- Vi har ein desentralisert struktur med mange øysamfunn, eit variert og omstillingsdyktig næringsliv og gode systemer for å motvirke arbeidsløyse blant unge, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Arne Håkon Sandnes. -Gjennom hoppid.no har vi utvikla gründerverktøy og -metodar som andre regionar i EU kan dra nytte av. Mange av partnarane i prosjektet har høg kompetanse på berekraft. I prosjektet blir det utvikla metoder og materiell som vi kan bruke til å forbetre og vidareutvikle verktøya og systema vi brukar, både i hoppid.no, men også i NAV, som vi har tett kontakt med. Prosjektet passar også godt inn i berekraftfylket og grøn omstilling i næringslivet, seier Sandnes.

For dei mellom utdanning og jobb

YENESIS er eit program for unge vaksne (23 – 30 år) som er ferdig med utdanninga si, men som ikkje er i arbeid eller under opplæring, og som i tillegg bor på øysamfunn som slit med høg arbeidsløyse utanom turistsesongen. I løpet av prosjektperioden skal 84 ungdommar, 12 frå kvart land, gjennom opplæring, studiebesøk og praksisperiode. Til saman skal dette programmet danne grunnlaget for nye, grøne jobbar innafor dei fire områda energi-effektivisering, fornybar energi, berekraftig reiseliv og mobilitet. 

Studiebesøk i Møre og Romsdal

Gjennomføring av prosjektet er fordelt mellom partnarane. Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for studiebesøk, der ungdommane får moglegheit til å sjå løysingar på grøn omstilling og grøne arbeidsplassar her i fylket. Dei får også entreprenørskapskompetanse slik at dei skal kunne skape sin eigen arbeidsplass eller utvikle bedriftene på heimplassen sin inn mot grøne jobbar. -Til våren kjem dei 84 ungdommane gruppevis til Møre og Romsdal. Detaljane rundt studiebesøket er ikkje på plass, men vi ønskjer å ta dei med på studiebesøk til blant anna Smøla, Sunndal og Geiranger, seier Sandnes. 

Grøne jobbar blir definert som sysselsetting i landbruket, industrien, forskning og utvikling, administrasjon- og servicesektorar som bidrar til å bevare eller gjenopprette miljøkvalitet. Dette inkluderer jobbar som hjelper til: å beskytte økosystem og biologisk mangfald; redusere forbruket av energi, materiell og vatn gjennom strategiar med høg effektivitet; avkarbonisere økonomien; og unngå å generere av avfall og forureining. Grønar jobbar er også definert gjennom sosial tilnærming; det er høvelege jobbar for kvinner og menn, som fremmer sosial inkludering og likestilling, og bidrar til utrydding av fattigdom. Kilde: FN.

Snarvegar

Kontakt