Fylkeskommunen bidrar i ei krevjande tid

Konsekvensane av koronakrisa rammar næringslivet i Møre og Romsdal hardt. Mange bedrifter har mista inntektsgrunnlaget over natta, andre seier dei får problem i nær framtid. Mange er permittert eller står i fare for å miste arbeidet sitt.

Skriv ut

-I denne alvorlege situasjonen må alle gode krefter trø til for å halde hjula i gang i næringslivet, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve. 18. mars gav ho derfor fylkeskommunedirektøren i oppdrag om å starte arbeidet med ei fylkeskommunal tiltakspakke.

Fylkeskommunedirektøren la fram tiltakspakka fredag 3. april

-Eg er godt fornøgd med forslaga som er lagt fram, seier Torve.

Her blir det foreslått å bruke 175 millionar fylkeskommunale kroner på målretta tiltak som vil komme næringslivet i Møre og Romsdal til gode.

-Tiltaka vil bli lyst ut så snart fylkestinget har gitt tilslutninga si, seier fylkesordføraren.

I pakka som er lagt fram er det mellom anna vedlikehaldsarbeid på fylkesvegnettet og dei vidaregåande skolane, samt tiltak innan næringsutvikling som breibandutbygging, kompetanseheving, forsking, innovasjon, grøn omstilling og konkrete tiltak innan kultur og reiseliv.

–Tiltaka vil gi viktige oppdrag for lokalt og regionalt næringsliv

Fylkesordføraren har hatt tett dialog med næringslivet og fylkespartnarskapet for verdiskaping og kompetanse sidan koronakrisa trefte Møre og Romsdal. Partnarskapet består i tillegg til fylkeskommunen, av fylkesleddet i LO, NHO, Innovasjon Norge, SIVA, Forskningsrådet, NAV, KS og representantar frå kunnskapsparkane.

Espen Remme, i NHO Møre og Romsdal roser fylkeskommunens tiltakspakke.

–Her tar fylkeskommunen eit viktig samfunnsansvar for å bidra til verdiskaping og sysselsetting. NHO håpar at også kommunar og andre offentlege etatar følger etter, seier Remme. –Tiltaka, som er eit første steg, vil gi viktige oppdrag for lokalt og regionalt næringsliv, og vil bidra til optimisme. -Det treng vi no.  

Regionleiar i LO Møre og Romsdal, Kari Hoset Ansnes, er også glad for fylkeskommunen si vilje til å bidra i ei krevjande tid.

– Vi håpar no at tiltakspakka kan bidra til færre permitteringar, og at arbeidsfolk raskare kan komme tilbake til arbeid, seier Ansnes. Det betyr mykje for den det gjeld, men også for bedriftene som får ei handsrekning til å komme seg gjennom krisa, avsluttar LO sin regionleiar.

Kontaktpersonar: