Fylkeskommunen avlyser alle arrangement

For å hindre spreiing av Koronavirus, avlyser fylkeskommunen alle arrangement, i tråd med nasjonale retningslinjer.

Skriv ut

For å hindre spreiing av Koronavirus, avlyser fylkeskommunen alle arrangement, i tråd med nasjonale retningslinjer.

Dei som har meldt seg på, vil få beskjed om dette på e-post

Dette gjeld mellom anna desse arrangementa:

MARS:                       

8.-20. mars  

Forfattarturné med Anna Folkestad, Kjartan Fløgstad, Chris Tvedt, Inger Lise Belsvik

Veke 11: Biblioteka i Kristiansund, Gjemnes, Averøy, Sandøy, Vestnes, Sula, Ulsteinvik, Vestnes, Molde og Moa, Ørsta, Giske, Aukra, Averøy, Sunndal, Kristiansund

Veke 12: Biblioteka i Gjemnes, Smøla, Aure, Surnadal, Tingvoll, Biblioteka i Sunndal, Surnadal, Aure

APRIL:

20.- 24. april

Forfattarturné med Inger Lise Belsvik

Biblioteka i Vanylven, Sula, Stranda, Geiranger

28. og 29. april

Konferanse Barn og unges stemmer, Kristiansund

Konferanse utsett. Informasjon om ny dato vil kome.

Kulturtanken er medarrangør

28. og 29. april

Konferanse for kommunale eldreråd, Ålesund

Vurderer ny dato

30. april og 1. mai

UKM fylkesfestival 2020, Kristiansund

Det er usikkert om UKM landsfestival 2020 vil bli gjennomført i juni. Dersom det bli arrangert ny landsfestival i 2020, vil vi  plukke ut deltakarar frå Møre og Romsdal i samarbeid med kommunane etter råd frå UKM Norge. Fylkesfestivalen er utsett til i haust.