Fylkesbiblioteket har laga digital verktøykasse for konflikthandtering

Kulturavdelinga ved fylkesbiblioteket har jobba med utviklingsprosjektet «Biblioteket – ein trygg møteplass?»  Arbeidet har resultert i ei digital verktøykasse for konflikthandtering, ei verktøykasse som er nyttig for alle som jobbar med menneske, ikkje berre i biblioteka.

Skriv ut

Masteroppgåva “Der ingen ville se at så mye kunne skje” (Clementz & Røe, 2017) avdekka at mange tilsette i bibliotek ikkje veit nok om korleis dei skal handtere vanskelege situasjonar med brukarar.

– «Alle» har opplevd skrankebråk. Det er folk som har opplevd truslar, våpentrekking og seksuell trakassering, for å nevne noko. Det vil alltid vere mogleg at slike situasjonar kan oppstå i biblioteka, seier bibliotekrådgivar One Marthe Vik.

Nasjonalbiblioteket støtta prosjektet, og det vart gjennomført to workshopar for tilsette frå hele landet.  Her fekk deltakarane diskutert og jobba med forskjellige problemstillingar og tema.–Alle som deltok i workshopane og alle innspela derifrå har vore viktige! Folk har engasjert seg og kome med mange gode tilbakemeldingar som vi har tatt med oss vidare , seier spesialbibliotekar Cecilie Røe.

Forskjellige tema

Med utgangspunkt i diskusjonane vart verktøykassa forma. Den inneheld fagtekstar med ulike aktuelle tema skrevet av fagpersonar på sine felt, scenario ein kan drøfte og malar for bruk i bibliotek. Målet er å gjere alle betre rusta til å handtere situasjonar som kan oppstå.– Det er viktig å førebygge, og gjere seg kjent med det som finst. Vi ønska difor å samle all informasjon på ein stad, slik at tilsette lett kan finne det dei treng, både før, under og etter ein situasjon, seier Cecilie Røe. – Det er og eit leiaransvar å gå gjennom dei ulike tema. Det er viktig å ha diskutert dette på førehand, slik at dei tilsette agerer på same måte når noko skjer, fortsett Røe

I arbeidet med prosjektet har vi merka at det er store forskjellar mellom bibliotek når det kjem til å ruste tilsette for handtering av konfliktar.

– Vi har gjennom prosjektet lært frå fleire hald, både frå juristar og politi, at biblioteka må ha gode retningsliner som ligg til grunn, og at det er viktig å melde avvik. Det er og viktig med oppdaterte kontraktar med brukarane, til dømes ved innføring av meirope bibliotek.

Bruke verktøykassa i kvardagen

Både Røe og Vik har delteke på fleire konferansar og seminar og delt erfaringar om  prosjektet og bruken av verktøykassa, og ønsker å gjere dette meir. Både scenarioa og fagtekstane er eigna for bruk  i personalmøte, på nettverksmøte eller på leiarsamlingar. Tematikken set i gong mykje diskusjon, noko som er viktig i arbeidet med å førebygge.  - Vi håpar verktøykassa kan gjere arbeidskvardagen til dei tilsette i biblioteka endå tryggare når situasjonar oppstår, avsluttar Røe

Snarvegar

Kontakt